Lokal | 13. mai 2020

Loddar ut konsert - i hagen din

17. mai kan du få ei royal oppleving med Os Musikkforening.

Loddar ut konsert - i hagen din
Os Musikkforening i 17. maitoget gjennom Osøyro i fjor. (Foto: Christina F. Bruarøy)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 13. mai 2020 07:01

Koronaen har påverka heile samfunnet, og for korpsa blir det ein heilt annan 17. mai enn det som er vanleg.

Os Musikkforening er òg blant dei som opplever tap av inntekter, men sel no lodd med ein heilt spesiell premie.

Må tenkja nytt

– Vi har mista inntekter, men vi har framleis dei same utgiftene, seier Nina Herland, kasserar i Os Musikkforening.

– Vi har som alle andre kontraktar og rekningar å betala, og vi fann fort ut at eit tradisjonelt loddsal ikkje var vegen å gå. Å skulle gå å be om gevinstar frå det lokale næringslivet i desse tidene var rett og slett ikkje noko vi var komfortable med.

– Du kan vinna oss!

Herland fortel at det var korpsets eigen inntekstskomité som til slutt kom med ein idé som alle musikantane valde å stilla seg bak;

– Det vert kun éin premie, og premien er oss sjølv. Med andre ord kjem vi heim til deg og spelar for deg på 17. mai. Har du balkong eller terrasse kan du nok lett kjenna deg som sjølvaste kongen, seier Herland og ler godt.

Nokre søk på nettet syner at Os Musikkforening ikkje er åleine om å selja denne pakka om dagen. Fleire og fleire andre korps i Noreg sel no lodd med liknande premie.

– Ideen fann vi på Norges Musikkorps Forbund (NMF) sine nettsider, fortel Herland.

For den ekstra korpsinteresserte lesaren kan det leggjast til at Os sin eigen Karl Ole Midtbø sit som generalsekretær i forbundet.

Sel fram til fredag

I tillegg til dei tradisjonelle loddbøkene som musikantane har fått meg seg heim, er det mogleg å kjøpa lodd via Os Musikkforening si Facebook-side.

– Vi har laga ei VIPPS-løysing, så heile loddsalet kan gjerast med god avstand. I skrivande stund har vi selt godt med lodd, men har jo sjølvsagt lyst å selja meir fram mot trekninga på fredag.

Til samanlikning fortel Herland at dei til Torgdagane i fjor selde lodd for om lag 50.000 kroner, men at til nettopp dette loddsalet håper dei på ei inntekt på 10.000.

Travel markering trass i lite tråkk

17. mai plar vera ein travel dag med mykje tråkk for Os Musikkforening. I år vert det travelt, sjølv om marsjeringsbiten no er kopla av.

– Tradisjonen tru vil vi spela i Finnabrekka/ Solstrandskrysset klokka 7, før vi klokka 10 skal gjera noko heilt spesielt på Luranetunet.

Saman med Os skulekorps vil vi spela på fire ulike hjørne av sjukeheimen, slik at så mange som mogleg av bebuarane og dei tilsette kan få med seg eit tradisjonsrikt låtutval frå begge korpsa. Etter dette vil vi saman med skulekorpset ta del i den digitale 17. mai-sendinga frå Oseana, før vi rundt klokka 14 kjem heim i ein eller annan hage i Os.

– Må du ha terrasse eller balkong for å kunna heva premien, og er det begrensingar på kor langt de dreg for å spela?

– Ha, ha! nei det er ikkje eit krav om terrasse eller balkong, og vi har sete grensene kor som helst innanfor det som var gamle Os kommune. Kjem vinnaren frå Øyane eller Øvredalen, så dreg vi dit og spelar. Vi stiller med om lag 25 musikantar med éin meters avstand, så vi tek ikkje store plassen heller.

– Det heile er sjølvsagt godkjend av korpsets eigen smittevernansvarleg, avsluttar Herland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.