Fotball | 01. okt. 2010

Lokal opprykkskamp

Medan motstandar Søfteland er sikra kjempar Lysekloster 2 i morgon om opprykk. I tillegg blir det ein kamp om status som best i bygda.

Lokal opprykkskamp
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. okt. 2010 13:26

Både Søfteland og Nore Neset er sikra opprykk til 6. divisjon.

Lysekloster sitt A-lag, som rykte opp til 6. divisjon i fjor, er sikra nok eit opprykk, i tillegg er dei puljevinnarar.

Nyoppretta Lysekloster 2 kan klara å følgja etter frå 7. til 6. divisjon, noko dei skal kjempa for når dei laurdag tar imot serieleiar Søfteland.

I tillegg til å kjempa om poeng og opprykk vil morgondagens kamp avgjera kva lag som er best i bygda av dei tre 7. divisjonslaga.

Her er resultata frå dei andre lokaloppgjera:
Nore Neset - Søfteland: 0-2
Lysekloster 2 - Nore Neset: 3-2
Søfteland - Lysekloster 2: 2-1
Søfteland - Nore Neset: 2-2
Nore Neset - Lysekloster 2: 1-1

Poeng tatt internt før siste derby:
Søfteland: 7
Lysekoster 2: 4
Nore Neset: 2

Lysekloster 2 må altså vinna med to mål i morgon for å vinna internpulja. Med siger eller uavgjort i morgon er dei sikra opprykk.

Kampen startar klokka 15.00.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.