Kultur | 21. okt. 2017

Lokale heltar fyller huset!

Drama og humor for full sal: Alle arrangementa i Oseana i helga har lokale artistar på scenen.

Lokale heltar fyller huset!
Søndag er det Hans og Grete, laurdag er det premiere og sokkadans med 2-meteren Thomas Helgesen.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 21. okt. 2017 07:54

- Det er ikkje kvar helg vi kan skilta med slik lokal tyngde i storsalen, seier arrangemetsjef Berit Steen.

– Vi i Oseana synes det er stas å få vera vertskap for lokale kulturaktørar som vil inn på denne scenen, og det er ei glede å kunna gjera dette mogleg for dei.

Selte to fulla salar

I går fekk vi sjå Bente Bratlund sitt jubileumshow «Her er eg no!». Det er 40 år sidan ho debuterte som forfattar. Framsyninga er ei samansying av mange av hennar kjæraste dikt.

Gjennom dramatiske, musikalske og visuelle verkemiddel var skodespel, musikk og dans med på å formidle orda, bilda og stemningane. Midtsiden kjem med meir om framsyninga i eiga sak.

I dag er det premiere på revyskodespelar Thomas Helgesen sitt første soloshow.

• Vil du ha vorspiel? Her er video av Thomas sine to standup for Os Næringsråd: 2016 og 2017.

– Osingane har gått litt «mann av huse» for å skaffe seg billett til dette showet. Her har «tullingen» nærast tatt luven av oss og selt ut nesten to heile salar! Kven skulle tru? strålar Steen.

Sokkadans

Det er berre nokre få billettar att til ekstraframsyninga i november.

Både fredag og laurdag har Oseana open bar også etter framsyningane, noko som ikkje har vore så vanlig til no. Helgesen inviterer til premierefest med «sokkadans».

Verdskjend eventyropera

Søndag er det Bergen Nasjonale Opera, med elevar frå Os barneskule, som stiller med den verdskjende eventyroperaen Hans og Grete.

– Det er viktig for oss å ha rom også for unge scenehåp, og då er det flott at Bergen Nasjonale Opera ser mot dei lokale spelestadane dei er på, og tek med seg små lokale heltar, seier Steen.

– Regiassistentar frå operaen har vore på skulen og hatt øvingar med elevane, og vi er ikkje i tvil om at dette vil bli ei stor oppleving også for borna, avsluttar ho.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.