Lokal | 15. aug. 2011

Lokale kandidatar, lokale saker

LESARINNLEGG, Terje Søviknes (Frp): Kommune- og fylkestingsvalet i år vert viktigare enn nokosinne.

Lokale kandidatar, lokale saker
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 15. aug. 2011 06:05

>> Sjå alle lesarinnlegg på Midtsiden.no her.

Kommunevalkampen startar i det små denne veka. Etter dei grufulle hendingane i Oslo og på Utøya 22.juli vert kommunevalkamp både smått og trivielt. Det er ikkje lett å debattera eigedomsskatt, sentrumsutvikling, skuleutbygging eller kommuneøkonomi med scenane frå Utøya friskt i minne.

Like fullt skuldar vi dei som mista livet under terrorangrepa å gjennomføra ein ryddig valkamp og eit demokratisk val.

Terrorangrepa var eit angrep på demokratiet. Det angår oss alle. Kommune- og fylkestingsvalet i år vert difor viktigare enn nokosinne. Gjennom bruk av stemmeretten kan vi alle slå tilbake med demokratiske verkemiddel, og visa at vi ikkje lar oss trua av terror og vald. Bruk difor stemmeretten din i år!

Os Fremskrittsparti vil freista å gjennomføra ein tradisjonell valkamp med fokus på lokale saker og vår eigen politikk. Skal demokratiet fungera må vi få fram forskjellane partia i mellom, og de veljarar må få høve til å finna det partiet, dei politikarane og ikkje minst den ordførarkandidaten du meiner kan gjera den beste jobben for Os-bygda i åra som kjem.

Dette er eit lokalval, - korkje Jens Stoltenberg eller Siv Jensen er på val i år.

Det har skjedd mykje i Os dei siste åra, og kommunen er i ei rivande utvikling. Gjennom eit godt og føreseieleg fleirtalssamarbeid med Høyre har FrP etablert ein kultur for å handla og skapa konkrete resultat. Når prosjekta er tilstrekkeleg utgreidd og vedtak fatta, skal dei realiserast utan opphald. Det er handlekraft!

Etter store utviklingsprosjekt som Osbadet og Oseana, vil Os FrP i åra som kjem ha hovudfokus på utbygging og kvalitet i primærtenestene skule og eldreomsorg.

Ny ungdomsskule på Nore Neset, utbygging og rehabilitering av Os ungdomsskule, Hegglandsdalen skule, Kuventræ skule, Nore Neset skule, Halhjem skule og Lysekloster skule, samt nye sjukeheimsplassar i Luranetunet, krev framleis handlekraft og tydeleg politisk leiing.

I tillegg må vi i fellesskap løfta sentrumskjernen på Osøyro. Gjennom prosjekt ”Liv på Øyro” vil vi ta initiativ til samarbeid mellom næringsliv, grunneigarar og kommune for å skapa ny aktivitet i sentrum.

Desse og andre viktige tiltak i lokalsamfunnet vil vi komma attende til dei komande vekene. Vi vonar det vert ein valkamp i respekt for ofra etter 22.juli, men med rom for å få fram dei politiske forskjellane og dei viktige sakene for vidare utvikling av Os-bygda.

Førehandsrøystinga er allereie i gong – godt val!

Terje Søviknes (FrP)
Ordførar i Os kommune

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.