Lokal | 31. mars 2020

Lokale tiltak for næringsliv og frivillig sektor

Lesarinnlegg: Andre kommunar er allereie i gang med dette arbeidet.

Lokale tiltak for næringsliv og frivillig sektor
Os sentrum måndag kveld. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 31. mars 2020 12:48

Innleiingsvis vil eg gje honnør til alle dei i Bjørnafjorden kommune som no står på kvar einaste dag for å handtera ein svært krevjande situasjon. Covid 19-pandemien har råka oss hardt, og mange gjer ein formidabel innsats for å berga liv og helse, samt halda hjula i gang i samfunnet.

I kommunen er det helse, omsorg, barnehage og skule som står overfor dei største utfordringane, men mitt inntrykk er at også resten av organisasjonen står opp for å handtera krisa. Så langt har kommunen handtert smittevernsituasjonen godt, og kommuneleiinga har vore tidleg ute med relevante tiltak og informasjon. Dette arbeidet vil nok måtta halda fram i fleire månader.

Samstundes må vi også retta fokuset utover og framover. Næringslivet i vår kommune, til liks med resten av landet, slit tungt.

Mange har får stengt ned verksemda si, andre har mista mest heile inntektsgrunnlaget sitt. Konkursfaren er stor for mange. Tilsvarande opplever ein i idretts- og kultursektoren. Aktiviteten, og dermed inntektsgrunnlaget er vekke.

Regjering og storting har allereie fremja fleire krisepakkar, og meir vil måtta komma for sikra at bedrifter, institusjonar, lag og organisasjonar overlever krisa. I den siste krisepakken, som Stortinget handsama denne veka, rettar ein også fokus på korleis ein skal få opp aktiviteten i næringslivet. Mellom anna har ein auka løyvingane til kommunesektoren og satt av ekstra midlar til vedlikehald på veg, bane, hamner o.l. Denne type motkonjunktur tiltak vil vi sjå meir av framover. Det trengs ganske enkelt for å kickstarta økonomien igjen, både lokalt og nasjonalt.

Då må vi i Bjørnafjorden kommune vera førebudd.

Dessverre motsette MDG, SV og Uavhengig seg å delegere fullmakter frå kommunestyret til formannskapet i denne kriseperioden, og dei neste ordinære politiske møta i kommunen er utsette til etter påske.

Fremskrittspartiet vil likevel ta til orde for at formannskapet bør ta initiativet til å organisera lokale tiltak som kan stø opp under lokalt næringsliv og frivillig sektor. Gjennom lokale tiltakspakkar/-planar kan vi leggja best mogeleg til rette for sikra lokale verksemder, og etter kvart stimulera til auka aktivitet.

Nedanfor har vi lista opp nokre tiltak som formannskapet bør arbeida systematisk med utover i året (lista er ikkje uttømmande);

  • Korleis kan vi nytta Næringsavdelinga og Bjørnafjorden Næringsråd i arbeidet med å rettleia lokale bedrifter i høve nasjonale støtteordningar? Samarbeid med Innovasjon Norge, NAV, fylkeskommunen m.fl.
  • Kan Bjørnafjorden kommune framskunda eigne utbyggings- og vedlikehaldsprosjekt for å stimulera næringslivet?
  • Det bør utarbeidast lister over ekstraordinære investerings- og vedlikehaldstiltak på kommunal infrastruktur (vei, bygg, idrettsanlegg osv) som kan finansierast med kommande statlege krisepakkar.
  • Sikra at plan- og byggesaker blir handsama med ekspressfart, og med positivt resultat slik at nye utbyggingsprosjekt kjem i gang. Kan meir delegerast til administrasjonen?
  • Kan ein gjera særskilte tiltak for å stimulera den lokale handelsstanden? Koordinert marknadsføring o.l.
  • Er det tiltak vi kan setja i gang overfor reiselivsnæringa?
  • Kan kommunen som huseigar utsetja eller redusera husleiga til leigetakarar (både næringsaktørar og frivillig sektor)?
  • Bør kommunen auka ramma for vidareformidling av Startlån frå Husbanken?
  • Kan kommune gjera noko i høve kommunale avgifter (utsett betaling/betaling over fleire terminar)?
  • Kan vi for å avhjelpe serveringsbransjen utsette eller slette avgift i 2020 for skjenking av alkoholholdig drikke?
  • Vurdera ekstraordinære tilskot til frivillig sektor (idrett, kultur, lag og organisasjonar).
  • Kan ei framskunda tildeling av ordinære tilskotsmidlar innan kultur og idrett, evt. KUP-midlane?

I tillegg er dei heilt sikkert andre tiltak som kan væra aktuelle.

Andre kommunar er allereie i gang med dette arbeidet, anten gjennom formannskapet eller eigne adhocutval. Vi trur formannskapet i Bjørnafjorden er godt eigna til å ta desse drøftingane, og vil oppmoda om at dette kjem opp som sak snarast mogeleg.

Terje Søviknes
Gruppeleiar Bjørnafjorden FrP

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.