Kultur | 26. juni 2009

Lokalmat på hjul

Ost frå Tysnes, økologisk kalkun frå Homlagarden og laks frå Hjønnevåg, MobiltSnadder hentar råvarer frå lokale produsentar til sin delikate meny.

Lokalmat på hjul
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 26. juni 2009 07:48

Bildeserie:

1 av 4

Ved Os Stasjon står eit telt og ein heilt spesiell buss.

- Vi fekk ideen etter å ha leigd ulike lokale til å driva catering frå. Bussen kjøpte vi i Tyskland og bygde den om til eit rullande kjøkken, seier Per Ivar Ingebrigtsen.

Sidan har han og Beate Hannisdal kjørt frå bryllaup og messer til festivalar og bursdagsfeiringar - med både kjøkken og restaurant i bagasjen.

- Generator er montert, så vi kan driva kjøkkenet kvar som helst, med gass og eigenprodusert elektrisitet. Men her på Os er vi kopla til straum og vatn.

Etterlengta tilbod
Under Skulptursymposiet og Osøren Blues & Jazzfestival er MobiltSnadder stasjonert på Os Stasjon, med lunsj- og middagsmeny til kunstnarar og artistar, men òg til kven som helst som vil ha seg eit godt måltid.

- Dette har vore sakna i Os sentrum, også av kunstnarane, som ofte er opptatt av å eta sunt og variert, seier festivalsjef Gunnar Nagell Dahl.

Tilreisande assistentar
- Vi har hatt bra fart på kjøkkenet sidan vi kom, blåskjel og grilla laks er blant favorittane, seier Beate.

Ho søkte etter kjøkkenassistentar i lokalavisa, men fekk ikkje respons, så jentene som hakkar grønsakar for harde livet er frå Hardanger, Stord og Bergen.

- Når alt skal lagast frå bunnen av treng vi litt hjelp til førebuing av råvarer, forklarar ho.

Lokale råvarer
MobiltSnadder brukar ost frå Tysnes, økologisk kalkun frå Homlagarden og laks frå Hjønnevåg. Brødet du får med suppe- eller blåskjel er spesiallaga av rug og hvete ved Leirvik Dampbakeri.

- Eg synes det er kjekt at det er fleire som gjer butikk av at vi reiser rundt med gourmetmat, seier Beate.

Den mobile restauranten held open i Os fram til Skulptursymposiet er over, altså helga 4. og 5. juli.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.