Kultur | 16. apr. 2010

Lønsam turné

På to dagar kom det inn 12,6 millionar kroner til Oseana.

Lønsam turné
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. apr. 2010 08:41

Os kommune jaktar framleis på rundt 40 millionar kroner for å få Oseana fullfinansiert. I haust, då nok ei tildeling av statlege kulturmidlar gjekk Os hus forbi, la ordførar Terje Søviknes om strategien.

- OKK-kampanjen er i versjon 2, der vi no avtaler møter og reiser målretta rundt til bedrifter for å invitera dei med som sponsor, seier Søviknes.

Med "vi" meiner han seg sjølv og Andreas Lien frå Melvær og Lien i Stavanger. Selskapet er leigd inn av kommunen som strategistøttespelar og er med på fleire av besøka Søviknes gjer hos potensielle sponsorar.

Intensive økter
Annakvar eller tredjekvar veke er det meininga at ordføraren saman med Lien skal ha ei intensiv sponsorjakt over to-tre dagar. Den første hadde dei tidlegare i vinter, den andre rett før påske.

- I mars var vi på besøk nummer to til nokre av dei vi har hatt kontakt med tidlegare, og det gav resultat.

Gåve + lån
Til saman fekk radarparet inn 2,6 millionar kroner i gåve og kontrakt på rentefritt lån på 10 millionar kroner, om det skal bli naudsynt.

- Sjølv om vi skulle få statlege kulturmidlar er det ikkje sikkert at dei blir overført same år. Eit rentefritt lån vil både kunna berga likviditeten i prosjektet og spara oss for pengar vi elles ville ha måtta lånt i ein bank.

Står på fram til sommaren
Blant dei nye sponsorane er det firma frå både innsida og utsida av kommunegrensene.

- Vi har fleire å kontakta og fleire å besøka så det blir nye rundar framover. Vi ser for oss å presentera dei nye sponsorane under marknadsdagane og Osøren Blues og Jazzfestival siste helga i juni, seier Terje Søviknes.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.