Løpesiger
Handballherrene til Os er tilbake på vinnersporet. Sundag kveld slo dei Gneist med solide 31-15.
Medan dei norske handballdamene spelte EM-kamp mot Sverige hadde osherrene tatt vegen til Sandslihallen for å spele seriekamp mot Gneist. Det gjekk betre for herrane enn det gjorde i Håkonshall på Lillehammer.
Taktikken til Noreg og Os var nok mykje av den same denne sundagen, nemlig å kontre motstandaren i senk, men det var berre eit av laga som klarte det.
- Fyttikatta som samtlige av dykk løp, kommenterte Gneist sin keeper etter at han hadde stått ansikt til ansikt med ein kontrande Os-spelar gong på gong. Berre ein god innsats frå keeperen og litt for dårleg konsentrasjon i skuddaugeblikket gjorde at ikkje sigeren blei enda større.
Frode med comeback
Frode Vindenes spelte ein god kamp i seriepremiera mot Bergen HK tidlig i haust. Diverre blei han skada i kneet i den kampen og har difor vore ute av spel ei lang tid. Sundag var han tilbake på banen, om enn berre i forsvar.
- Eg klarar ikkje brå sidevegs bevegelsar, men å stå i forsvar går greitt, forklara Vindenes.
- Frode er ein viktig forsvarsspelar. I dag spelte han igjen stort. Det er godt å ha han tilbake på banen, skryt Os-trenar Leif Idar Røen.
Jørgen toppscorar
Ein annan spelar som har vore ute ei periode grunna skade er høgreback Jørgen Wold. Sundag var også han tilbake på banen og herja i kjent stil med motstandarforsvaret.
- Jørgen scorar mykje mål. I dag gav han seg ikkje før han hadde putta 11 i nota bak Gneist-keeperen, seier Leif Idar Røen.
- Men det eg er mest nøgd med i dag er at gutane fylgjer taktikken til punkt og prikke. Vi var einige om å ikkje sleppe til Gneist sin beste spelar og samstundes tjuvstarta i kontra og berre dunke ballane framover, forklarar Røen.
I første omgangen lykkast Os med taktikken til punkt og prikke. Dermed leiar dei 18-6 til pause. I andre omgangen slepp Os-spelarane seg litt nedpå. Dermed blir det litt meir rot og ikkje fullt så mange mål, men Os vinn den omgangen med 13-9.
Gneist-Os 15-31 (6-18)
Utvisningar: Gneist 3x2 min, Os 1x2 min.
Tilskuarar: 12 (kor 11 var ossupportarar)
Os sitt lag: Einar Godø, Jørgen Wold 11, Erik Vågen 4, Joakim Blostrupmoen 4, Frode Vindenes, Øystein Vindenes 1, Øystein Skarding 2, Kenneth Hausberg 2, Ove Lyssand 4, Isak Røen 3.
Med sundagens siger ligg Os på 6. plass berre 5 poeng bak Florø på den viktige andre plassen, men med to færre kampar. Neste seriekamp er heime mot Bergen HK laurdag kl 13:45.