Sport | 19. feb. 2019

Lovande rekruttering i Os skyttarlag

Fleire finaleplassar og siger i samlagskyting er fasiten etter to helger med skyting.

Lovande rekruttering i Os skyttarlag
Tirill Korsvold Nagel seglar opp som ein lovande rekrutt i Os skyttarlag. (Foto: Os skyttarlag) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 19. feb. 2019 11:19

Bildeserie:

Sofie Evensen og Daniel Myklebust Fjellstad (t.h.) var med gull-laget til Hordaland i samlagskytinga. (Foto: Os skyttarlag)
Sofie Evensen og Daniel Myklebust Fjellstad (t.h.) var med gull-laget til Hordaland i samlagskytinga. (Foto: Os skyttarlag)
Os skyttarlag held fram med høgt aktivitetsnivå. Her frå stemnet i Tørvikbygd i helga. (Foto: Os skyttarlag)
Os skyttarlag held fram med høgt aktivitetsnivå. Her frå stemnet i Tørvikbygd i helga. (Foto: Os skyttarlag)
1 av 2

Os skyttarlag held fram med høgt aktivitetsnivå, og i helga deltok dei på Hordastevnet i Tørvikbygd i Hardanger.

Oddvar Drange (V65), Cathrine Daviknes (kl 2), Sofie Evensen (J), Maren Evensen (ER), Daniel Myklebust Fjellstad (ER) skaut seg alle til finaleplassar.

Tirill Korsvold Nagel, som er førsteårs-rekrutt, skaut seg òg imponerande til finale.

To osingar med på vinnarlag

Hordaland vann samlagskytinga - både på junior- og på seniornivå.

På juniorlaget skaut to osingar, Sofie Evensen og Daniel Myklebust Fjellstad. Med Evensen sine 97 poeng og Myklebust Fjellstad sine 98 poeng, sigra Hordaland med 393 poeng totalt.

Stor delegasjon

Førre helg var det Samlagsstevnet i Bergen. Også her var Os skyttarlag godt representert.

Følgjande vart samlagsmeistrar:

ER - eldre rekrutt (14-15 år) Sofia Dale

JR - Junior (16-17 år) Sofie Evensen

V65 - Veteran 65 år + Oddvar Drange

Jan Kristian Evensen frå Os skyttarlag fortel at også her viste rekrutt, Tirill Korsvold Nagel, god og stabil skyting.

– I klasse eldre rekrutt (ER), var det fleire som ville meir, men som ikkje rakk heilt opp i toppen. I klassen for juniorane (JR), klarte Sofie Evensen seg greit på ein ok dag.

Evensen fortel vidare at i klasse 3-5 er det ting som tyder på at Geir-Wiggo Dale no endeleg har fått pussa vinterdavelen ut av augo med sine 240 poeng.

I midten av mars er miniatyr-sesongen over, og ute-sesongen tek til. Først ut er feltskyting før det vert fire intense månader med skyting frå 1. mai av, avsluttar Evensen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.