Lokal | 05. aug. 2016

Lovande vêrutsikter

Allereie har det byrja samle seg båter i gjestehamna for å vera med på Osfest. Det ser ut til at dei skal få ei fin helg.

Lovande vêrutsikter
Mørke skyer heng over båtane i hamna fredag morgon, men i følgje meterologane skal desse forsvinna utover dagen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 05. aug. 2016 08:04

I fjor blei det sett rekord med heile 71 ulike båtar som gjesta hamna og låg i to eller fleire døgn. Fredag morgon ligg det allereie 15-17 båtar i den inste hamna, i tillegg fleire ute på flytebrygga ved Oseana.

Det blei òg tilløp til dramatikk inst i hamna laurdagen då sterk vind gjorde at fleire båter sleit seg. Det ser det ut ein skal sleppa i år når ein ser på vêrmeldingane.

Timevarselet til yr.no for helga tyder på at det skal letta utover fredagen og bli lettskya heile dagen og kvelden. Vinden som i fjor skapte problemer i hamna bør heller ikkje by på problem. Meterologane trur på laber og lett bris frå nordvest med ei vindstyrke på mellom 3 og 7 m/sek.

Litt yr om natta

Natt til laurdag, omlag då Odd Nordstoga går av scenen på Osfest, er det rett nok utsikter til at det kan kome nokre dråper på festivaldeltakarane.

Mellom 0 og 0,4 mm varslar meterologane at det skal koma i timane frå klokka 02 til klokka 11 laurdag førmiddag. Resten av laurdagen skal bli fin med 15-16 varmegrader og opplett.

Så kjem regnet

Søndag blir der verre med. Både søndag, måndag og tysdag trur meterologane at vi igjen skal få regn over Osøyro.

Sjå langtidsvarselet frå Yr.no her

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.