Lovleg bålbrenning
Både i går og i dag har brannvesenet fått melding om bålbrenning i Os. Forbodet mot open eld gjeld først frå 15. april.
Måndag fekk brannvesenet melding om røyk frå skogen innanfor Hatvik.
- Dette var eit stykke utanfor allfarveg, så naboane var litt uroa. Vi snakka med grunneigar, som skulle sjekka nærmare. Truleg var det ein som hadde fiska i området som hadde tent bål, fortel brannsjef Stein Gjøsund.
Røyk frå Sveo
Tysdag fekk Midtsiden.no melding om mykje røyk frå området mellom Elvebakken og Flåten.
- Ein som bur på Sveo har i dag varsla at han skal driva bråtebrenning, truleg er det dette bålet røyken kjem frå, seier Gjøsund.
Forbod frå 15. april
Har du planar om å brenna hageavfall eller anna bør du bruka dei neste ni dagane på dette. Frå og med torsdag 15. april er det som vanleg generelt bålforbod i Noreg.
Fram til 15. september er det ikkje lov å brenna bål utan løyve frå den lokale brannsjefen.