Lokal | 15. juli 2010

Løyver dusør

Etter fleire tilfelle av hærverk i Os sentrum løyver G-Sport 1000 kroner i dusør for tips om kven som står bak.

Løyver dusør
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. juli 2010 07:37

For nokre veker sidan fekk både pynt i sentrum og private hagar gjennomgå av folk som gjorde hærverk. Og det er ikkje slutt på vandaliseringa:

I helga blei det gjort hærverk på eit busskur på Ulvensletta og natt til tysdag blei delar av dekoren på butikkvindauget til G-Sport riven av.

- Her er det ikkje snakk om eit uhell, ein må verkeleg yta ein innsats for å riva dette av, seier Eirik Walle hos G-Sport.

No løyver han dusør til den som kjem med tips om kven det er som utfører hærverk i Os sentrum.

- Vi deler ut gåvekort i butikken vår til ein verdi av 1000 kroner til den som kjem med informasjon som gjer at syndarane må svara for seg, seier Walle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.