Luftambulanse assisterer busspassasjer frå Kvinnherad
Ambulansar, legevakt og brannvesen rykte ut til Os terminal.
Bildeserie:
Onsdag i 12.30-tida rykte Os brannvesen, som i skrivande stund òg har mannskap på storøving på Lysøen, ut som first responder til helseoppdrag på Os terminal.
Også to ambulansar, legevakt og luftambulanse er i skrivande stund på staden.
Ifølgje bussjåføren er det ein mannleg passasjer som har fått helseproblem om bord.
Bussen var på veg frå Kvinnherad til Bergen, og situasjonen oppsto etter at bussen hadde køyrd i land frå ferja mellom Venjaneset og Hatvik.
Det var medpassasjerar som varsla sjåføren om at ein av passasjerane såg ut til å ha problem.
Det er ukjent for Midtsiden kvar mannen kjem frå og kor gamal han er.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.