Luftig sportsmesse

VIDEO: Osingen Simon Moberg Søvik var modig då Noregs beste trial-syklist ba om assistanse utanfor Grieghallen.

Kjetil Vasby Bruarøy
14. april 2013 - 10:10

I helga blir Sportsmessen Fritt og Vilt arrangert i Grieghallen. Messa har rundt 60 utstillararar og er med rundt 20.000 besøkande kanskje den største messa i landet.

Som på båtmessene er det av og til lanseringar av nye produkt på Fritt og Vilt, i år var det tidlegare OL-meister og verdsmeister i roing, Olaf Tufte, som stal showet.

Olaf har fått utvikla undertøy i bambus (!), eit materiale som skal vera svært godt eigna til bruk i tekstil, blant anna på grunn av isoleringsevne, silkemjuk konsistens og god fukttransport.

– Det som er kresne og kan litt om teknisk bekledning har tatt veldig godt imot TufteSculler, andre vil ha dette med bambus og bakgrunnen litt forklart, seier Tufte, som var omsverma av folk store delar av dagen i går.

Simon  med på sykkel-stunt

I tillegg til sal av syklar, sko, kajakkar og sportsklede står aktivitetar og oppvisingar på programmet.

Laurdag hadde Thomas R. Aasen frå Ålesund, som kjører for ungdomskolleksjonen BRE frå Skogstad, oppvising på uteområdet på messa.

– Dette var slitsamt. Det er første show eg held etter vinteren og det har ikkje blitt nokre utanlandsturar for å halda formen, sa Thomas etter å ha imponert publikum med spenst og presisjon.

Og presisjonen såg ut til å sitja etter vinteren. Det kan osingen Simon Moberg Søvik vera glad for. Han var frivillig då Aasen bad om assistanse og låg under sykkelen medan trialmeistern "varma opp".

VIDEO: Sjå stemningsrapport frå messa og delar av trial-oppvisinga til Thomas R. Aasen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)