Kultur | 21. mars 2014

Luftige svev

Filmen Doktor Proktors prompepulver blir nok ei luftig og lattermild affære på Bygdekinoen i helga. I tillegg blir det dobbel dose Jan Eggum i Oseana.

Luftige svev
Eilif Hellum Noraker som Bulle, Emily Glaister som Lise og Kristoffer Joner som Doktor Proktor i Arild Fröhlichs Doktor Proktors prompepulver. (Foto/Copyright: Maipo Film AS)
Kari M. Lyssandfredag 21. mars 2014 08:03

Bygdekinoen tek vanlegvis turen til Os kvar 14. dag. Denne gongen blir det berre ei veke mellom filmane, men det har ei naturleg forklaring.

– Neste veke kjem musikalen Oliver til Oseana, så vi måtte flytte kinoframsyninga ei veke, fortel kulturhusvert i Oseana, Janne Mari Hjelle.

På palmesøndag 13. april vil Bygdekinoen vere tilbake i rute igjen.

Eggum x2

Filmatiseringa av Jo Nesbø si bok "Doktor Proktors prompepulver" hadde norgespremiere 14. mars.

– At vi no måtte flytta kinotida gjorde at vi får vist den populære filmen rett etter premiera, og det er veldig kjekt.

Det er allerede selt ein god del billettar til Doktor Proktor, så Hjelle anbefaler alle som har tenkt å få med seg filmen om å vere ute i god tid for å kjøpa billettar.

Filmen for dei vaksne denne helga er Ta meg med!, ein film som er basert på Jan Eggum og Halvdan Sivertsen sitt songunivers.

– Det blei eit artig samantreff sidan Jan Eggum skal halda konsert her fredag, så det blir dobbel dose Eggum denne helga, seier Hjelle.

Mykje promp

Jo Nesbø sine bøker om Doktor Proktor er veldig populære blant dei unge lesarane. Denne første boka som no er filmatisert er eit eventyr i ei verd der den mest normale vaksne er ein gal professor.

Her treff vi flinke Lise og bittelitte Bulle som blir naboar og bestevener. Dei blir kjent med den sprø Doktor Proktor som har mange utrulege oppfinningar. Ved eit uhell lagar han verdas sterkaste prompepulver, og dei tre venene lagar ein plan for å få pulveret ut i verda.

Men det er eit farefullt eventyr dei tre legg ut på, for den rike og onde herr Thrane og dei ekle sønene hans er villige til gjere kva som helst for å få tak i prompepulveret.

I denne verda er det mogleg å fly på kraftige fisar heilt ut i verdsrommet og i kloakken lurar dyr du ikkje har lyst å treffa på.

På rollelista finn vi Kristoffer Joner, Atle Antonsen, Ingar Helge Gimle, Linn Skåber, Bjarte Tjøstheim, Emily Glaister, Eilif Hellum Noraker, Arve Guddingsmo Bjørn, Even Guddingsmo Bjørn, Marian Saastad Ottesen, Henrik Horge og Christian Skolmen.

Tid: 23.mars klokka 16:00.

Filmen varer i 1t 27 min og har 7 års aldersgrense.

Fem er ein for mykje

Noreg sin nyaste musikal Ta meg med! er ein romantisk historie om fem einsame bebuarar i ein roleg bygard i Oslo. Filmen er basert på Jan Eggum og Halvdan Sivertsen sine songar, og dei blir her brukt til å setja ord på lengslane, kjærleiken og lidenskapen til dei fem.

Det blir lett panikk når det kjem ut at bebuarane i fleire år har gått med lidenskaplege tankar om kvarandre, og dei får kjenne på at fem er ein for mykje.

Har du lyst er det fullt lov å synga med på kjente og kjære låter frå Eggum og Sivertsen sitt songunivers.

På rollelista finn vi både etablerte skodespelarar og etablerte songarar, som Frank Kjosås, Marion Ravn, Haddy N'jie, Magnus Grønneberg og Kjersti Elvik.

Tid: 23. mars klokka 19:00

Filmen varer i 1t 22min og er tilleten for alle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.