Luftige svev på sommarcup
Bildeserie: Os MC og MX klubb på NMK Sommercup i Oppdal, Elverum og Gardermoen.
Denne veka arrangerar Norsk Motor Klubb (NMK) sommarcup for unge MX-entusiastar. Cupen arrangerast på Oppdal, Elverum og Gardermoen. To dager på kvar plass, men ein dag transport i mellom.
– Vi er ein god gjeng frå Os MC og MX-klubb.
– Mellom 12 og 15 familiar med campingvogner, syklar og god toleranse for støv er på tur, fortel Gry Offernes, som har sendt oss desse bileta.
Mengdetrening i høgsete
I sommarcupen handlar det ikkje om å vinna, men å delta. Cupen er hovedsakleg for barn mellom 5 og 15 år, men også eldre søsken og foreldra kan få delta i nokre av heata.
– Det er lagt opp til fokus på trening, mengder med trening.
– Køyrarane køyrar 5 heat kvar dag i dei forskjellige gruppene. I tillegg køyrer 50 ccm-knøttane på eigen bane heile dagen.
Gjev meirsmak
Klassane det blir køyrd i er 65 ccm, 85 ccm (10-12 år), 85 ccm (13-15 år), 125 ccm og åpen klasse.
– Dette har gitt meirsmak, og vi kjem til å stille så lenga dei unge vil.
– Dette er både lærerikt, morosamt og ikkje minst sosialt, avsluttar Offernes.