Kultur | 12. juli 2018

Lukasz Brekke overtar kjøkkenet på Halhjem

Lokal gourmetkokk aukar cateringkapasiteten og opnar restaurant.

Lukasz Brekke overtar kjøkkenet på Halhjem
Lukasz Brekke (innfelt) overtar restaurantlokalet på Halhjem. (Foto: Ørjan Håland/Kjetil Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. juli 2018 08:03

Lukasz Brekke har vore i praksis på verdas beste restaurant, Noma i København, og deltatt i NM i kokkekunst tre gongar, seinast i fjor.

• Les òg: Testa NM-rettane på heimebane

I går skreiv han leigekontrakt på Halhjem.

– Eg overtar dei nyoppussa lokala og kjøkkenet til tidlegare Halhjem Kafé. Vi blei samde om innhaldet i avtalen for nokre veker sidan, i mellomtida har eg stifta aksjeselskap som no blir leigetakar, fortel Lukasz til Midtsiden.

Han held på konseptet han har jobba med i nesten ti år, «Det naturlige kjøkken» blir namnet på både selskapet, cateringverksemda og den nye restauranten han skal opna på Halhjem.

Søndagsbuffet, catering og jobb i Nordsjøen

Etter rundt 1,5 år på kjøkkenet til eit Thon-hotell i Lofoten har Lukasz dei siste åra drive catering og jobba for restaurantar i Bergen og Os. Første gong han dreiv frå eige kjøkken i Os var på Ole B i 2013, då saman med Havnechefen-kokk Frank Vasby Bruarøy, som han framleis har samarbeid med i periodar.

Han har stifta familie, og småbarnsforeldra Lukasz Brekke og Lene Viken bur no i Kuvågen.

– Ho er òg i bransjen, og har eitt år igjen av læretida si før ho er faglærd kokk. Vi har fleire med oss, og vil få god kapasitet når vi opnar på Halhjem.

Sjølv skal Lukasz byrja i jobb i Nordsjøen til hausten, noko han trur fint kan kombinerast med drift av Det naturlige kjøkken.

– I starten blir det ope berre om søndagen, i tillegg vil vi driva catering og leiga ut selskapslokale.

• Les òg: Skummel sanseoppleving (21 rettar med Lukasz i 2012)

– Kafeen hadde lange tradisjonar og mange stamgjestar som kjøpte tradisjonelle rettar. Korleis blir menyen, blir det «Lukasz-mat» eller husmannskost?

– He, he! Vi vil by på ein delikat søndagsbuffet med både varme og kalde rettar, heimelaga mat basert på gode råvarer. Kanskje blir det òg ein dagens fisk- og dagens kjøtt-rett.

Opnar i oktober

I mars 2015, etter 49 år i drift, hadde huseigar Karla Larsen siste opningsdag på Halhjem Kafé. Leigetakarar Halhjem Kjøkken AS pussa opp og kom i drift i mai same år, men i oktober i fjor la dei inn årene.

Karla Larsen eig framleis bygget, og kjøpte inventaret frå konkursbuet til førre leigetakar.

– Det har vore ein del interessentar, og det har fleire gongar sett ut til å gå i orden. At det no blir ein lokal, dyktig kokk som kjem inn i huset synest eg er veldig kjekt, seier Karla.

Brekke er nøgd med både lokalet og kjøkkenet.

– Ved sidan av at vi får auka kapasitet til cateringverksemda vår, er det eit fint restaurantlokale og godt eigna til både bryllaup, konfirmasjonar og andre lukka lag.

– På sikt kan det bli fleire opningsdagar, at vi for eksempel har ope kvar torsdag og søndag, eller at vi arrangerer ulike temakveldar med spennande rettar. Men vi startar varsamt.

Planlagt opning av «Det naturlige kjøkken» er i midten av oktober i år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.