Kultur | 10. okt. 2020

Lukkar utstillinga med invitasjon til krangel og kos

Søndag er siste utstillingsdag for «Røynda Rundt». – Det vil ikkje gå roleg føre seg, seier Morten Holmefjord.

Lukkar utstillinga med invitasjon til krangel og kos
På søndag vert utstillinga «Røynda Rundt» i Oseana avslutta. Kunstnar Morten Holmefjord inviterer i den samanhengen til både kos og krangel. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighlaurdag 10. okt. 2020 09:12

«Falske pengar, ei fiktiv bygd og ei helvetes bok» var tittelen då vi skildra utstillinga «Røynda Rundt» før opning i september.

Det sentrale omdreiingspunktet for utstillinga «Røynda Rundt» var den enno ikkje publiserte boka, «Soga om Stadvik», med tekstar av Fridtjov Urdal og illustrasjonar av Morten Holmefjord.

I boka blir Stadvik presentert, med kjærleik og underfundig humor, gjennom skildringar av den fiktive bygda sine innbyggarar. Tekstar og teikningar frå boka blei presenterte i utstillinga, som i sin heilskap invitererte publikum til å besøka både Stadvik, kulturlandskapen rundt og innbyggarane.

Med på utstillinga hadde Urdal og Holmefjord teke med seg den slovakiske grafikaren Matej Gabris og hans fiktive pengesetlar, fleire av dei spesiallaga til Stadvik-bygda og utstillinga.

– Kva er bygda 2020?

På søndag er det tid for å pakka ned utstillinga, og Holmefjord fortel at dette skal markerast skikkeleg under tittelen «Oss sjølve og me andre Bygda – ein forstad til det globale.»

– I tillegg til at dette faktisk er siste moglegheit til å sjå utstillinga, inviterer vi til både diskusjon og underhaldning.

Holmefjord nemner i fleng aktuelle diskusjonstema som står på agendaen;

– Bygda som myte, realitet, idealtilstand og skrekkvisjon. Kva er bygda i 2020? Kan eit kommunestyrereferat syngjast som ballade? Er bygda populær i EU? Og må ein lyga for å seia sanninga? Og kva med alt det andre...?

I panelet som saman med publikum og Holmefjord skal ta stilling til desse punkta sit, sitat: høgskulemann og kranglefant Hans Jakob Reite, forfattar og tvisynt Fridtjov Urdal og utflytta bydame og lokalpolitikar Torill Otterskred.

Syngande kommunestyrereferat

Holmefjord fortel vidare at det i tillegg til sundagskos og ein frisk ettermiddagskrangel i Oseana, vil arrangementet vera ispedd både musikk og film.

– Det vert musikalsk innslag ved Sigbjørn Hvidsten som syng avisa Firda sitt kommunestyrereferat frå då Førde som regionhovudstad var oppe som sak no i haust.

– I tillegg vil publikum få sjå informasjonfilmen «Eg og den slovakiske landsbygda» av Matej Gabris. Filmen blir vist for å få ein kontinental bymann sitt syn på landsbygda i eit EU-land, avsluttar Holmefjord.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.