Luksusbåten er heva
Båten som sundag gjekk på land og sokk utanfor Skåtøya er heva.


- Vi starta hevinga i 16-tida tysdag, og var ikkje heime igjen før rundt midnatt. Det var ein lang jobb å heva båten, og pumpene går enno, seier mannskapet om bord i MS Samba.
Dykkarar festa ei stropp under akter på båten, og Samba løfta den gradvis med pumpene gjekk for fullt.
Store skadar
Thrusteren (baugpropellen) er knust vekk og delar av framdriftssystemet bak på båten er slått opp og inn forbi skroget. I tillegg tar båten inn mykje vatn på midten.
- Vi har lagt presenningar rundt på utsida, men må nok prøva i tetta den midlertidig før vi kan gå vidare med den.
Rodman 56 ligg taua til skutesida på arbeidsbåten Samba, som skal gå slik med vraket til ein slipp i Bergen. Ein mann frå forsikringsselskapet var i dag tidleg på veg for å sjå på restane etter luksusbåten før turen til Bergen kunne starta.
I tillegg til ytre skadar er dørken inne i styrhuset slått opp, og veggar, møblar og tak sausa godt inn med diesel.