Kine Lunde saman med landslagslegendene Trine Rønning og Solveig Gulbrandsen (privat foto)

Lunde i møte med NFF-toppane

Kine Lunde, trenar og jentefotballansvarleg på Nore Neset, debatterte situasjonen i jentefotballen med landslagslegenda Solveig Gulbrandsen.

Av: Andris Hamre

Norsk Tipping og Norway Cup arrangerte måndag seminaret «Fotball er fotball - Like muligheter for jenter og gutter?» på Ekebergssletta.

På gjestelista sto mellom anna fotballpresident Terje Svendsen, likestillingsminister Linda Hofstad Helleland (som blei erstatta av statssekretær Tom Erlend Skaug), Norsk Tipping-direktør Åsne Havnelid, landslagslegende Solveig Gulbrandsen og J14-trenar frå Nore Neset, Kine Lunde.

Fekk skryt av Gulbrandsen

Lunde var invitert for å presentera arbeidet Nore Neset IL gjer med jentefotballen og det dei gjer saman med dei andre klubbane i Os når dei arrangerer Jentefotballdagen. 

– Vi har, etter at vi starta med Jentefotballdagen for fem år sidan, sett ei kjempestor auke i jentelag i Os. No har vi kome så langt at vi dreg jentene som er i ungdomsgruppa inn som instruktørar for dei yngre jentene, fortalde Lunde, som saman med Solveig Gulbrandsen delte sine erfaringar som trenar og jentefotballansvarleg i Nore Neset IL.

– Det de gjer i Nore Neset er rett veg å gå for å få opp bredda. Samstundes så må vi våga å sleppa til dei dei som har lyst til å bli gode òg, poengterte Gulbrandsen.

Framleis ein veg å gå

Dei to trenarane var samde i at det har skjedd mykje positivt innan jentefotballen dei siste ti åra.

– Tidlegare fekk gutane prioritet. Det har endra seg mykje dei siste åra, men framleis er det ein veg å gå.

– Det trengs både pengar og ei haldningsendring. Vi må ta med oss døtrene på damekamper slik at dei for eit forhold til rollemodellane, kommenterte Gulbrandsen.

– Er ein god rollemodell

Dagleg leiar i Nore Neset, Eirik André Hesthamar, følgde seminaret gjennom direktesendinga på NFF si heimeside.

– Kine kom kjempegodt ut av det. Ho er ein kjemperessurs for idrettslaget og har vore med på jentefotballdagen frå starten av. Ho er ein god rollemodell som no har ho også starta på NFF sitt utdanningsløp.

– Det er klart det er kjempestas for oss å bli invitert og at det vi gjer på Nore Neset blir brukt som gode dømer. Samstundes er det viktig at vi er bevisst på at vi ikkje kviler på den gode omtalen. Vi har fortsatt ein god veg å gå, seier Hesthamar.

Fleire saker