Fotball | 16. apr. 2018

Lundgren til Bjarg

Frode Lundgren blir ny trenar for Bjarg-damene.

Lundgren til Bjarg
Frode Lundgren er tilsett som ny hovudtrenar for Bjarg kvinner senior (pressefoto)
Andris Hamremandag 16. apr. 2018 09:17

I ei pressemelding fortel Bjarg at dei har ansatt osingen Frode Lundgren som trenar for klubben sitt A-lag på damesida.

– Vi er veldig nøgd med å presentere Frode som ny hovudtrenar for Bjarg kvinner senior. Frode kjem frå Os og har lang fartstid innan jentefotball, seier Sindre Heggebø, sportsleg leiar i Bjarg.

Lang prosess

Heggebø fortel at klubben har vore på jakt etter ny trenar etter at hovudtrenar dei siste åra, Inge Heltne ønskja avløysing.

– Det har vore ein lang prosess for å finna den rette houvdtrenaren. I Frode har vi funne ein trenar som sosialt og ferdigheitsmessig vil vidareføra arbeidet som Inge har lagt til grunn. Vi er glad for å få han med oss på laget og han blir ein viktig del av utviklinga av jentefotballen i Bjarg, seier Heggebø.

Set sitt preg på laget

Den sportslege leiaren fortel at den nye trenaren allereie er i gang med å setta sitt preg på laget gjennom stort engasjement og ein klar spelefilosofi.

– Eg har allereie gjennomført treningar med A-laget og blitt kjend med ein utruleg fin gjeng. Saman skal vi freiste å utvikle oss vidare og heve nivået vårt for kvar trening. Vi skal ha fokus på utvikling og godt samhold. Om vi lykkast vil vi sjå det på resultata vi oppnår i kamp.

– Det skal bli godt å kome i gang med seriespelet og få målt kreftene med dei andre laga i 4. divisjon, seier Lundgren i pressemeldinga.

I følgje Heggebø har treningane inn mot seriestart vore prega av spennende øvingar, høg intensitet og god struktur. Han gler seg til å følgje laget denne sesongen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.