Lokal | 12. mai 2020

Luranetunet opnar for besøk

Etter to månadar utan å sjå sine nærmaste er det frå i morgon ope for besøk. På visse vilkår.

Luranetunet opnar for besøk
Luranetunet har vore stengt for besøk sidan 12. mars. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. mai 2020 14:40

Kommunen innførte restriksjonar for besøkande 9. mars og innførte besøksforbod 12. mars.

Kommunestyrerepresentant Laila Reiertsen (Frp) fekk ikkje svar då ho i dagens møte spurde om det blei gjort noko for at pårørande snart kunne sjå sine nærmaste, men i ettermiddag fortel kommunen på eigne heimesider om ei varsam opning.

Bjørnafjorden kommune opnar for kontrollerte og planlagde besøk ved Luranetunet og Fusa bu- og behandlingssenter.

Dette gjeld frå i morgon, onsdag 13. mai.

Dette gjeld naturlegvis berre for bebuarar som ikkje er smitta eller i karantene. Det er berre dei to nærmaste pårørande som kan koma på besøk, og dei skal halda minst éin, helst to meters avstand og ikkje ha med seg mat, drikke eller anna.

Besøket kan maks vara i 30 minutt og må avtalast på førehand.

  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Her er alle krava som både bebuaren og besøkande må forstå og følgja:

  • Retningslinjer for besøk til bebuarar
  • Du må avtale besøket på førehand. Ta kontakt med avdelinga.
  • Besøket kan vare i maksimalt 30 minutt.
  • Berre næraste pårørande kan kome på besøk, og maksimalt 2 faste besøkande.
  • Hald minimum 1, og helst 2, meters avstand mellom bebuaren og deg som er på besøk.
  • Du kan diverre ikkje ha med blomar, gåver, mat og drikke eller liknande under besøket. Vi viser til eigne retningslinjer for dette. Kjæledyr kan heller ikkje vere med på besøk.
  • Ein av dei tilsette er «besøksvert», og vil følge bebuaren til avtalt stad og halde seg i nærleiken under besøket.
  • Bebuaren og besøkande sit for seg sjølve, og kan ikkje omgå andre bebuarar, besøkande eller tilsette.
  • Det er svært viktig å følgje grunnleggande smittevernrutinar, spesielt god handhygiene.

Besøkande kan ikkje ha symptom på akutt luftvegsinfeksjon eller hatt nærkontakt med personar med bekrefta covid-19. Besøkande kan ikkje ha vore utanfor Noreg siste 10 dagar. Besøksverten vil be deg om å lesa og signera ei eigenerklæring før besøket.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.