Lokal | 18. des. 2009

Luringar på tunet

Luranetunet og Varåsen har hatt besøk av blomeseljar og tiggar.

Luringar på tunet
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. des. 2009 17:26

Torsdag sneik ein utanlandsk blomeseljar seg inn på Luranetunet. Utan å venda seg til betjeninga først, gjekk vedkomande rundt og selte blomar til fleire som bur på tunet.

- Då dei tilsette oppdaga det kontakta dei oss. Men då var også seljaren vekke, fortel politiet.

Også i Varåsen var ein utanlandsk pengejegar på dørene til folk. Ein mann som utga seg for å vera både døv og stum, heldt fram ein lapp med tekst.

Kva han ville veit politiet ikkje, meldar tok seg ikkje tid til å lesa lappen før han sendte tiggaren vekk og ringte politiet. Politiet var opptatt og møtte ikkje igjen mannen, som gjekk i kamuflasjejakke og kvite joggesko.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.