Sport | 13. jan. 2009

Lurte vêrgudane

Sundagen blei like våt som det var var meldt, men laurdag skein sola om kapp med dei som meistra ny teknikk på skiskule og skimesse i Myrkdalen.

Lurte vêrgudane
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. jan. 2009 09:39

Bildeserie:

1 av 6

Det var ein del som var nytt i forhold til skimessa i fjor. Først og fremst har Voss Fjellandsby fått stolheis, ein 6-seters ekspressheis som tok unna all kø, bortsett frå ein liten periode på ettermiddagen.

Comeback etter 20 år
Talet på påmeldte til gratis skiskule var nesten dobbelt så stort som i fjor, 700 små og store kom for å læra, eller for å stå på ski eller brett for første gong.

- Eg hadde vore heilt borte frå ski i 20 år då eg kjøpte hytte her oppe. Dette er første gong eg står med instruktør, seier Kjell Sandal (60).

Sandal hadde meldt seg på kurs i frikjøring, og tok turen med sju andre til Kari Traa-trekket laurdag morgon.

Vêrmeldingane på Storm og Yr var veldig ulike for laurdag, den eine meldte liten kuling, den andre laber bris. Det var frisk bris om morgonen, men så løya vinden og skyene forsvann.

Føret var litt isete til å vera i Noregs mest snørike skidestinasjon, men sola strålte trass dårlege meldingar, så då blei dei fleste nøgd.

Sundag blei shoppedag
Sundag kom regnet, men dei fleste som hadde meldt seg på kursa som starta om morgonen møtte opp. I Kari Traa-trekket snødde det truleg, men der var sikta så dårleg at trekket var stengt. Folk samla seg i det store messeteltet til MX Sport, som i år sto langt betre plassert enn i fjor, og gjorde eit varp eller to.

- Det var tydeleg at mange hugsa at vi kjørte litt sprø prisar i fjor, for fleire av dei som handla mykje på førre messe, kom målretta inn i teltet for å gjera storinnkjøp, fortel marknadssjef Jan Frode Skeie frå MX Sport.

Tester ski før kjøp
- Også dette med test av ski før kjøp har folk lagt merke til, og i aukande grad hatt glede og nytte av, legg han til.

Sjølv om det er eit år til neste skimesse, held MX Sport gratis skiskule og test av ski fleire gongar denne vinteren, men då i Bavallen, hos Voss Resort.

- Vi har skiskule og test igjen i februar, og siste runde med skitesting første helga i april, begge hos Voss Resort. Dette med test av ski er også mogleg resten av sesongen, vi har alle modellar ståande i butikken for utlån og leige. Spesielt dei som kjøper litt dyrare ski er opptatte av å prøva dei først. Noko vi også anbefalar, fortel Skeie.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.