Lokal | 03. aug. 2009

Lusking og bikkjebråk

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 03. aug. 2009 08:27

I 2-tida i natt ringte ei dame som bur i Solstrandsvegen til politiet. Ein mann hadde banka på både dør og vindauge, og drive å kike inn i huset.

- Ho var redd og bad om hjelp frå politiet, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Politiet, som av og til får meldingar om folk som luskar rundt ulike stadar i Os, gjorde ein ekstra innsats for å finna den eller dei som var mistenkt for snoking. Dei fekk med hundepatrulje, men fann ingen personar.

- Men vi fann eit spor, fortel Sperrevik, utan å seia meir om kva spor dei fann.

Røyk utan eld?
Sundag fekk brannvesen og politi melding om mogleg båtbrann i Lysefjorden.

- Vi rykte ut saman med brannvesenet, men fann ingen båt. Truleg har det vore eit bål som var sløkt då vi kom fram.

Påkjørt hjort - hissige hundar
Ein hjort blei påkjørt i Hagavik i helga. Ingen personar blei skadd i samanstøyten. Men då to hundar byrja å sloss i området ved Moldegaard var det personar som blei "såra".

- Vi blei kontakta etter at to hundar byrja å slåss. Hundeeigarar gjekk på tur med kvar sin hund i band. Hundane byrja å slåss, og ein av hundeeigarane skal ha vore ufin med den andre.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.