Kultur | 16. apr. 2018

– Lyden og musikken blir bra

...så får vi håpe at resten blir det òg, ler revygjengen bak Nor og Ne på første fulle gjennomkøyring.

– Lyden og musikken blir bra
Linda Nytræ, Robert Haugetun, Susan Askvik, Stine Fristad, Jan Helge Corneliussen og Pål Heimtoft lovar i allefall god lyd og bra musikk på årets Nor og Ne (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 16. apr. 2018 08:35

Fredag er det premiere på TVNOR & Ne, årets revy frå revygjengen på Nore Neset. Søndag var det full fart i Symrasalen på Nore Neset Aktivitetshus, mellom anna med den største miksepulten som nokon gong har vore i lokalet.

– Ein ting kan vi lova. Musikken, lyd og lys blir kanonbra, så får vi berre håpe at vi klarer å levere like bra, ler Robert Haugetun.

Tidleg øving med musikk

I tillegg til proffe folk på lyd og lys har Nor og Ne i år fått med seg Espen Bakketeig, Inge Johannes Bergheim og Olav Skorpen i bandet.

– Det er sterke folk vi har med oss i musikken. Faktisk har vi allereie øvd to ganger med dei, så i dag blir det tredje gang. Tidlegare har vi gjerne ikkje fått øvd med fullt band før på generalprøva, fortel revydronning og primus motor Susan Askvik.

Og nettopp samspelet med musikken blir viktig den ellevte utgåva av revyen på Nore Neset.

– I år har vi mykje fine og gode sangar som skal vera med å skape den gode stemninga. Det er i hovudsak Pål Heimtoft og Robert Haugetun, som står bak dei.

Fekk inspirasjon på Fitjar

Konseptet for årets revy er TV, derav navnet TVNOR og Ne.

– TV er eit veldig greitt konsept på forholde seg til. Om TV Vestlandet kan gjera det, så kan vi. Vi leiker med nokre kjende TV-program, men vi har nok laga fleire nye.

– TV konseptet gir oss moglegheiten til å gå litt utanfor Osbygda òg, så i år blir det spark både til nasjonalt nivå og verdsleiarar som fortener å få gjennomgå.

– Korleis har det vore å skrive, no når Thomas Helgesen har vore ute?

– VI har delt på det. Det er kanskje Jan Helge Corneliussen og eg som har skrive litt meir, men alle har vore med og levert bidrag.

– Då vi starta i haust gjekk det trått og vi lurte vel nesten på om det blei revy, men eit revykurs på Fitjar var inspirasjonen vi trengde. Allereie i bilen på veg heim kom dei første ideane, fortel Askvik.

Går for fire fulle hus

I tillegg til at det skal sparkast nasjonalt og internasjonalt, så slepp ikkje lokale heltar heilt unna.

– Det blir fleire parodiar av folk vi har parodiert tidlegare, både Jorunn Moberg kjem tilbake som talsperson for Os og Boyane kjem med ein twist.

– I tillegg skal vi jo bli Bjørnafjorden kommune og der må ordførar Marie Bruarøy venta seg konkurranse om ordførarkjedet, det er nok folk frå alle plassar som har lyst på det, ler Jan Helge Corneliussen underfundig.

– Korleis har billettsalet vore så langt?

– Som det pleier, litt treigt. Det er jo slik at ein lurar på om det kjem folk i det heile tatt, men det skjer vel det som det pleier, nemleg at det tar seg opp på slutten og at det plutseleg er utseld. Vi satsar i allefall på fire fulle hus, avsluttar Susan Askvik.

Revyen blir spelt over to helger først fredag 20. og laurdag 21. april, så fredag 27. og laurdag 28. april. På scenen i år finn ein Susan Askvik, Jan Helge Corneliussen, Robert Haugetun, Pål Heimtoft, Stine Fristad og Linda Nytræ.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.