Lokal | 03. juni 2014

Lyn, torden og 25 gradar

Onsdag kjem regnet, torsdag skal det bli heitt, vått og eksplosivt. Men pinsehelga blir strålande!

Lyn, torden og 25 gradar
Langhelga med himmelspretten torsdag og skulefri fredag blei av fleire nytta til bading og kos i Mobergsvikjo. Også pinsehelga ser ut til å bli super. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 03. juni 2014 09:24

Det fine sommarvêret held fram, men med ein eksplosiv pause torsdag.

Tysdag er det lettskya og varmt i Os, onsdag ettermiddag er Storm og Yr einige om at det skal skya over.

Storm melder dessutan nokre dropar regn frå klokka 16 av, men temperaturen skal halda seg rundt 20 gradar.

Torsdag skal det bli varmare, 23 gradar ifølgje Storm, 25 gradar ifølgje Yr.

Storm melder dessutan litt nedbør på ettermiddagen og lyn og torden på kvelden.

Fredag skal det bli lettskya, men med fare for mykje nedbør i periodar på ettermiddagen.

Men frå laurdag til tysdag er det meldt lettskya eller skyfritt og 17-19 varmegradar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.