Lokal | 16. mai 2009
Lyngbrann i Nordmarka
Brannvesenet rykte fredag ut på falsk alarm på Nore Neset og ein liten lyngbrann i Nordmarka.


Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 16. mai 2009 12:28
Fredag i 12.30-tida rykte Os brannvesen ut på ein automatisk alarm på Skeie.
- Det var ingen brann og ingen heime i huset. Dette er slikt som skjer av og til, seier varabrannsjef Arne Monsen.
I 15.30-tida same dag kom melding om lyngbrann i Nordmarka.
- Folk i området meldte frå, og sløkte delvis sjølv med eit pulverapparat. Det var berre 5-6 kvadratmeter som blei svidd av, fortel Magnus Lyssand.
Årsaka til brannen er ikkje kjent. Brannen starta rett under ein kraftleidning.