Det historiske tunet på Lyngheim, lemstova og parken, er klar for opningsfest. (Foto: KVB)

Lemstova på Lyngheim klar for opning

Etter fleire år med dugnadsarbeid er det laurdag tid for opning av Det historiske tunet på Lyngheim.

image
image
image
image
image
image
Av: Kari M. Lyssand

For litt over to år sidan la ordførar Terje Søviknes ned grunnsteinen til lemstova på Lyngheim.

Sidan då har det vore hektisk aktivitet blant eldsjeler som har vore opptatt av å få det historiske tunet ferdig til august 2014. Det har dei klart, og laurdag inviterer dei til opning av tunet.

Les og: God framdrift og Lærte om lemstova.

- Eit tilbod for alle

– I det store friområdet ved fjorden blir det ein arena  for friluftsliv og aktivitetar, kultur og historie, som eit nytt tilbod for unge og eldre, skriv Stiftinga Lyngheim i ei pressemelding.

Folkehelse og friluftsliv vil vera ein viktig del av programmet til parken, med turløyper og ein aktivitetspark for alle.

Frå klokka 12 vil det vera ope for alle som ønskjer å koma og det vil bli servert steinbakte brød laga i bakaromnen i eldhuset i den gamle lemstova.

Fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd gje eit historisk utsyn over handtverket som kulturarv.

I tillegg blir det opningskonsert i uteamfiet mot fjorden med temaet «Roser, liljer og blues».

Frå klokka 16 vil det vera program for inviterte gjestar.

Fleire saker