Sånn såg det ut på sanntidskartet til Lightningmaps.org klokka 01.45 i natt. (Kart: Lightningmaps.org)

Lynnedslag hos teknisk vakt og ved brannstasjonen

Lynet slo ned fleire stadar i Os i natt. To av plassane ser nesten «målretta» ut.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I 01.15-tida natt til tysdag var det første av fleire lynnedslag i Os.

Ifølgje Blitzortung.org og Lightningmaps.org, som begge viser lynnedslag i sanntid, slo lynet ned i Kolskogen, på Moberg og i Hellebakkane i Lysefjorden.

Nedslaget på Moberg ser ut til å ha vore berre nokre meter frå husveggen på brannstasjonen og legevakta.

– Eg var ikkje her i natt, men det er ingenting i dag som indikerer at det har vore nedslag her. Bygg og anlegg er i alle fall ikkje prega, seier vakthavande ved Os brannvesen, Martin Østgulen Svendsen.

– Men vi fekk melding i natt om systemfeil ved Varafjell i samband med nedslag i Kolskogen.

200 var utan straum

I Kolskogen har blant andre teknisk eining i Os kommune kontor, i første etasje på Os Asvo sitt bygg.

– Det var eg som meldte frå om feil på Varafjell. Straumen gjekk hos oss òg, og hos til saman rundt 200 abonnentar hos BKK, fortel Agnete Haugland frå teknisk eining.

Straumen skal ha kome tilbake i 2-tida.

Tysdag morgon er det ingen i Os som er utan straum, men 32 i Samnanger, også desse grunna lynnedslag, er utan straum i dag.

Fleire saker