Lysekloster enda med 16-4-6 og 3. plass. Målskårar i dag var Mats Walberg (t.v.), her i 6-0-siger over Vardeneset. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Lysekloster avslutta sesongen med tap

Leia over Førde, men må nøya seg med 3. plass i 3. divisjon.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Etter 1-3-tap for Fyllingsdalen i førre heimekamp var opprykkshåpet nærmast ute.

Runden blei det siger, men då både Sotra og Fyllingsdalen vann sine kampar var siste halmstrå vekke.

I dag handla det om å runda av sesongen med stil.

Lysekloster - Førde 1-2 (0-0)
Målskårar, Lysekloster: Mats Walberg
Kampdetaljar på fotball.no

Lysekloster gjekk opp i leiinga i 63. minutt, men Førde skåra både i 73. og 77. minutt.

Sotra og Fyllingsdalen spelte uavgjort 1-1 i dag. Dermed rykker Sotra opp i 2. divisjon.

Toppen av tabellen:
1. Sotra 56 poeng
2. Fyllingsdalen 54 poeng
3. Lysekloster 52 poeng
4. Viking 2 46 poeng
Sjå tabell


 

Fleire saker