Lysekloster henta seg inn igjen
Tøff start på treningskamp mot Fyllingsdalen.
Bildeserie:
Laurdag spelte Lysekloster treningskamp på heimebane. Gjestane var Fyllingsdalen, som i sluttspurten av fjorårssesongen klatra forbi og tok 2. plassen bak Sotra.
Midtsiden såg første omgang av kampen. Fyllingsdalen starta best og gjekk opp i 0-1 i 3. minutt, på innlegg frå venstre kant.
Lysekloster prøvde å svara, fekk to cornerar, den eine med heading i tverrligger av Pluemjai.
Kort tid før pause kom Huseklepp på kontring, gjekk forbi keeper og auka til 0-2.
Lysekloster - Fyllingsdalen 3-3 (0-2)
Målskårarar, Lysekloster: Karol Zielinski, Simen Næss og Kaspar Bergset
– Eg er nøgd med mykje av kampen. Vi fekk til gode rørsler med og utan ball, og den delen av angrepsspelet vårt som vi øver på om dagen, resulterte i ein del fine sjansar.
– Men vi sleit litt med å bryta gjennom Fyllingsdalen-forsvaret, og eg ser eit par ting vi må justera på, seier Rubent Hetlevik, som meiner gjestane la seg lågt.
Karol Zielienski, som er på prøvespel, kom innpå etter pause, skåra og hadde assist på Kaspar S. Bergset sitt mål. Bergset spelte på Fyllingsdalen i fjor og er i trening med Lysekloster.
Lysekloster starta med: Raniowski - Garbacik, Ljubovic, Walczak, Toure - Omerovic - Berg, Vetås - Pluemjai, Skagestad og Næss.
To treninskampar står igjen. Dei går mot Åsane (30/3) og Fana (6/4).
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.