Fotball | 27. juli 2019

Lysekloster herja med Valdres

Mål-bonanza då Lysekloster senka botnlaget Valdres med 19-0 (!) Sju av måla vart signert Simen August Næss.

Lysekloster herja med Valdres
Simen August Næss har nettopp scora sitt sjette mål og teke Lysekloster opp til 15-0 over Valdres. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighlørdag 27. juli 2019 20:42

Bildeserie:

Knappe timen før opna han med 1-0 etter sju minutt. (Foto: KOG)
Knappe timen før opna han med 1-0 etter sju minutt. (Foto: KOG)
Karol Krzysztof Zielinski set inn 2-0. (Foto: KOG)
Karol Krzysztof Zielinski set inn 2-0. (Foto: KOG)
Zielinski prøvde seg òg på eit frekt hælspark. (Foto: KOG)
Zielinski prøvde seg òg på eit frekt hælspark. (Foto: KOG)
Lukkast han? (Foto: KOG)
Lukkast han? (Foto: KOG)
Berre nesten, men hausta stor applaus frå publikum. (Foto: KOG)
Berre nesten, men hausta stor applaus frå publikum. (Foto: KOG)
Even Hepsø Vetås vert feira for 3-0. (Foto: KOG)
Even Hepsø Vetås vert feira for 3-0. (Foto: KOG)
Zielinski med hyllest til ein lagkamerat som vart pappa i dag tidleg. (Foto: KOG)
Zielinski med hyllest til ein lagkamerat som vart pappa i dag tidleg. (Foto: KOG)
Det var lagt inn drikkepause i begge omgangane. (Foto: KOG)
Det var lagt inn drikkepause i begge omgangane. (Foto: KOG)
Kaldt nok? (Foto: KOG)
Kaldt nok? (Foto: KOG)
Alonso Sanches Gonzales teikna seg på scoringslista med tre mål etter pause. (Foto: KOG)
Alonso Sanches Gonzales teikna seg på scoringslista med tre mål etter pause. (Foto: KOG)
Næss og Gonzales etter 16-0, signert Gonzales. (Foto: KOG)
Næss og Gonzales etter 16-0, signert Gonzales. (Foto: KOG)
Keeper på Valdres, Dardan Sletten hadde nok ein heller tung dag på jobb. (Foto: KOG)
Keeper på Valdres, Dardan Sletten hadde nok ein heller tung dag på jobb. (Foto: KOG)
Ei, av få tillaup til sjansar frå Valdres i det 80. minutt. (Foto: KOG)
Ei, av få tillaup til sjansar frå Valdres i det 80. minutt. (Foto: KOG)
90 minutt og 19-0. Hetlevik og Næss for å gratulera kvarandre. (Foto: KOG)
90 minutt og 19-0. Hetlevik og Næss for å gratulera kvarandre. (Foto: KOG)
1 av 14

20. juli slo Lysekloster Sogndal 2, og klatra med det forbi Fana på tabellen. I ettermiddag var det Valdres som kom på besøk til 31 varmegradar i Lysefjorden.

I ein kamp som hadde lagt inn vasspausar for at spelarar og dommarar ikkje skulle få heteslag, vart det sete ny klubbrekord for Lysekloster - då audmjukinga nådde 16-0 passerte laget den førre rekorden på scora mål frå 2011.

Valdres møtte på Lysekloster Framo Idretspark med det meste mot seg;

• 8. juni slo Fana dei 10-0

• 15. juni slo Djerv 1919 dei 10-1

• 22. juni slo Brann 2 dei 7-1

• 20. juli slo Vard Haugesund dei 11-0

Speaker kunne før kampen tørt melda følgjande;

– Når eg no skal lesa opp innbyttarane til Valdres, vert det heller lett - dei har ingen med seg ...

7 x Næss

Kampen vart prega av eitt lag, og spesielt éin spelar.

Lysekloster sin Simen August Næss opna ballet med ei scoring i det sjuande speleminuttet, og han stoppa ikkje før han sette inn sitt sjuande mål i det 88. minuttet.

Til pause stod det 7-0 til Lysekloster, og mange lurte nok på om Lysekloster ville ta det roleg i rekordvarmen, eller kanskje gjera fleire spelarbyte etter pause.

Lett ironisk

Etter pausen stilte Lysekloster med den same lagoppsettinga som før pause, og måla heldt fram med å renna inn.

I løpet av dei siste 35 minutta valde trenar Ruben Hetlevik å skifta ut fem av spelarane sine, og i same tidsrommet scora Lysekloster åtte mål.

Etterkvart vart det tillaup til lett ironisk stemning mellom spelarane og publikum om kor dette ville enda;

«Vi går for uavgjort» og «no vil vi sjå to-talet» var meldingar som kom frå tribunen.

All ære til Valdres

Etter kampen ligg no Lysekloster på tredjeplass på tabellen med 28 poeng, men med éin kamp meir spelt enn Djerv 1919 og Vard Haugesund med sine 31 og 30 poeng.

Då Næss sette inn det sjuande målet rykka han òg opp som toppscorar i Norsk Tipping-ligaen avd. 4, med 13 scora mål så lang i sesongen.

Og Valdres?

Dei fekk mykje sympati frå publikum i Lysefjorden. Som ein tilskodar sa det;

– Dei skal no ha for å reisa rundt å tapa så mykje helg etter helg.

Lysekloster - Valdres 19-0 (7-0)

Målskårarar:

Simen August Næss (7. 28. 37. 41. 45. 75. 88.)

Karol Krzysztof Zielinski (10. 47. 54. 59.)

Even Hepsøe Vetås (14. 86.)

Dino Omerovic (58.)

Thorvald Modahl Trætteberg (62.)

Alonso Sanches Gonzales (66. 77. 82.)

Martin Pedersen (71.)

Tropp og kampfakta på fotball.no

Neste heimekamp for Lysekloster er mot Stord laurdag 3. august.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.