Sport | 28. jan. 2020

Nær sal av Lysekloster-keeper - truleg skadd ut sesongen

Gjorde god figur på prøvespel. Så small det.

Nær sal av Lysekloster-keeper - truleg skadd ut sesongen
Maciej Raniowski heldt nullen i 11 kampar i fjor. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 28. jan. 2020 09:37

I førre veke var Maciej Raniowski på prøvespel for eliteserieklubben Haugesund.

– Det låg an til at dei ville kjøpa han. Raniowski gjorde god figur og skulle vera med dei på treningsleir, fortel sportsleg leiar i Lysekloster, Svein Kollen.

Men på siste trening fredag gjekk det gale.

– Han blei stygt skadd, og alt tyder på at han mister heile 2020-sesongen.

– Det er trist både for oss, som kunne fått eit godt sal til ein eliteserieklubb, for Haugesund og, ikkje minst, for Raniowski sjølv.

Keeperen kom til Lysekloster frå Brodd før fjorårets sesong. Før 26 kampar for Lysekloster og 26 kampar for Brodd spelte han for Verdal to sesongar.

Før han kom til Noreg spelte han for polske Odra Opole og Leichia sitt junior- og andrelag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.