Sport | 11. juli 2017

Lysekloster på keeperjakt

Chris Sunde Midtun forlet Lysekloster, no er trenar Ruben Hetlevik på jakt etter ein erstattar.

Lysekloster på keeperjakt
Chris Sunde Midtun, her med ei fantomredning mot Spjelkavik, flytter til Fredrikstad i sommar (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 11. juli 2017 07:17

I måndagens thriller av ein kamp mot Brann 2 som Lysekloster vann 4-3 etter ein fantastisk avslutning av kampen, var det Frode Moberg Øvredal som vakta heimelaget sitt mål. På benken sat Chris Sunde Midtun som har vore den føretrekte målmannen så langt i sesongen.

Grunnen til at Sunde Midtun var benka er at han er på veg ut av klubben.

– Chris flyttar til Fredrikstad no i fotballpausen, stadfesta Lyseklostertrenar Ruben Hetlevik etter kampen.

Ser på fleire

Hetlevik såg ikkje nemneverdig uroa ut over at dei no mister førstevalet.

– Vi har ting på gang og er i dialog med fleire aktuelle spelarar, så eg reknar med at vi har ein ny keeper på plass etter ferien.

Kven dei snakkar med og kven som er aktuelle ville Hetlevik ikkje koma inn på.

Chris Sunde Midtun kom til Lysekloster før 2014 sesongen og var med då klubben rykte opp til 2. divisjon før 2016-sesongen. Han var òg med då laget måtte ta turen ned igjen før denne sesongen.

Sunde Midtun har vore den føretrekte keeperen i Lyseklostermålet og står med 25 kampar i 2014, 29 kampar i 2015, 20 kampar i 2016 og 12 av 13 kampar hittil i år.

Ny spelar allereie klar

Ein nye spelar som allereie er klar for haustsesongen er Markus Attila som teikna kontrakt med klubben i slutten av juni. Attila, som er fødd i Ungarn men flytta til Noreg som 11 åring, har spelt for Staal Jørpeland, Førde og Viking før han no flyttar til Bergen og starter for Lysekloster.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.