Spjelkavik - Lysekloster 1-3 (1-3)
Kampdetaljar på fotball.no
Lysekloster tok i dag sin andre siger på rad og har tre sigrar og to uavgjorte i dei fem siste kampane.
Serieleiar Brattvåg spelte borte mot Varegg og vann 0-3, og held fmed det framleis Lysekloster bak seg med to poeng.
Snudde kampen
I dagens bortekamp for Lysekloster gjekk Spjelkavik opp i 1-0-leiing i 4. minutt, men utlikna på straffe og auka til 1-3 før pause.
Stillinga sto seg kampen ut.
– Spjelkavik skåra på eit frispark 30 meter frå mål, vi fekk straffe då Trætteberg blei takla i det han skulle til å skyta etter eit flott raid på 40 meter, fortel trenar Ruben Hetlevik.
Mål nummer 17 og 18
To mål av toppskårar Kristoffer Østervold og eitt av Kasper Hjørngaard var meir enn nok til siger i dagens kamp.
Østervold utlikna på straffe i 35. minutt før Hjørngaard blei matchvinnar med skåring fem minutt seinare.
Minuttet før pause la Østervold på til 1-3, og tangerer no Torbjørn Aabrekk på 2. plass på toppskårarlista for 3. divisjonsavdelinga.
– Det var overkøyring i dag, også etter at vi blei ti mann, på ein tøff bortebane med grasmatte såg det ut som om det var vi som var heimelaget, meiner Hetlevik.
Stillinga sto seg kampen ut.
Frå karantene til to gule
Ole Thomas Herrem, som sto over førre kamp grunna karantene, fekk to gule kort i dag og måtte av banen i 68. minutt.
– Det første gule kortet han fekk skulle eigentleg ha vore gjeve til Trætteberg, så det var litt uheldig at Herrem blei utvist.
– Men vi var solide også den siste halvtimen. Vi måtte springa litt meir, men det gjorde gutane med glede. Eg er imponert over spelarane i dag, dette var ein veldig god bortekamp.
Lysekloster speler neste kamp heime mot Fjøra om ei veke.
• Midtsiden samleside: Lysekloster fotball