Sport | 24. aug. 2019

Lysekloster vann toppkamp

Slo Djerv 1919 på bortebane.

Lysekloster vann toppkamp
Simen August Næss, her heime mot Djerv 1919 i vår, skåra sitt mål nummer 20 for sesongen i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 24. aug. 2019 15:40

Lysekloster la seg i dag 3 poeng framfor Djerv 1919, som leia serien gjennom vårsesongen.

På heimebane i vår blei det 1-2-tap, i dag tok Lysekloster sin tiande siger på rad.

– Det blei ein tøff kamp fysisk, der vi prøver å spela mens Djerv 1919 jobbar hardt for å skaffa seg dødballar, som dei er gode på.

– Her synest eg gutane våre gjorde ein enorm innsats, og vi gav dei juling i store delar av kampen, seier Lysekloster-trenarRuben Hetlevik.

Såg ut som Maradona

Simen August Næss, som no er oppe i 20 skåringar (!) så langt i sesongen, gav Lysekloster leiinga i 36. minutt.

– Damian (Kamil Garbacik) såg ut som Maradona då han dribla forbi sikkert seks mann framover i banen før han tredde ballen gjennom til Simen, som skåra sikkert, skryter Ruben.

Even Vetås la på til 0-2 i 54. minutt. Her var det Dino Omerovic som gjorde eit godt stykke forarbeid.

Ny toppkamp på heimebane

Lysekloster toppar no tabellen, men snart er Vard Haugesund ferdig med kampen mot botnlaget Valdres.

Vard leiar i skrivande stund 11-0, og ligg an til 3 poeng og tilbake på topp, 2 poeng framfor Lysekloster.

Lysekloster speler mot nettopp Vard Haugesund laurdag om ei veke. Nok ein toppkamp, med andre ord.

– Trass tøff fysisk motstand i dag blei det ingen gule kort eller skadar. Vi er klar for ny toppkamp, seier Hetlevik.

Andre resultat frå 17. runde

Fyllingsdalen - Bergen Nord 3-0
Fana - Vestfossen 3-2
Fjøra - Stord 4-0

Fyllingsdalen ligg no berre 3 poeng bak Djerv 1919. Det har òg byrja å tetta seg til på nedre del av tabellen.

Os, som klatrar frå 10. til 8. plass om dei slår Brann 2 heime på måndag, fekk hjelp av Fana til å halda Vestfossen bak seg.

Samtidig har Fjøra kome seg over streken og ligg to poeng bak Os etter dagens storsiger over Stord.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.