Lokal | 24. des. 2015

– Lyseparken treng eit robust Osøyro

Fredrik Seliussen meiner at ei robust Osøyro er ein føresetnad for Lyseparken.

– Lyseparken treng eit robust Osøyro
Fredrik Seliussen, utviklingsdirektør for Lyseparken og prosjektleiar for Liv på Øyro, fortel kvifor Os sentrum er viktig for det komande næringsområdet. (Foto: Cathrin Valestrand)
Cathrin Valestrandtorsdag 24. des. 2015 08:31

Bildeserie:

Langs ny E39, som er under bygging, kjem næringsområdet Lyseparken. (Ill. ABO Plan og Arkitektur)
Langs ny E39, som er under bygging, kjem næringsområdet Lyseparken. (Ill. ABO Plan og Arkitektur)
Først skal Osøyro fornyast. (Ill. Os kommune)
Først skal Osøyro fornyast. (Ill. Os kommune)
1 av 2
Langs ny E39, som er under bygging, kjem næringsområdet Lyseparken. (Ill. ABO Plan og Arkitektur)
Først skal Osøyro fornyast. (Ill. Os kommune)

Seliussen, som er utviklingsdirektør for Lyseparken og prosjektleiar for Liv på Øyro, seier at det ikkje vert aktuelt å etablera kjøpesenter i Lyseparken.

– Det skal ikkje koma næringar i Lyseparken som kjem i direkte konkurranse med Øyro.

– Vi trur at mange av dei nye arbeidsplassane i Lyseparken vil bli for framtidige tilflyttarar til Os kommune. Det er ein overordna trend at at arbeidstakarar flyttar stadig nærmare arbeidsplassen. Dermed må det bli attraktivt å busetja seg i kommunen, seier utviklingsdirektøren.

Påverkande faktor

– Målet er at Øyro skal bli så attraktivt at det rett og slett vert ein påverkande faktor for Lyseparken, og gjer den attraktiv å butsetja seg i. Og slik eg ser det må konseptet Osøyro leggja føringar for Lyseparken, seier Seliussen.

– Det betyr at det må utviklast gode bumiljø, ein ny sosial infrastruktur, rekreasjons-,kultur- og fritidstilbod.

– Osøyro er definert som regionssenter, og både er og vil vera i tida framover eit sterkt identitetsskapande element for kommunen. Vi trur derfor at eit stertk og attraktivt Osøyro vil vera viktig for at dei framtidige innbyggjarane i Os skal finne det attraktivt å bu her.

Kollektiv-nett

Ei trafikk-teljing har gjeve heftige prognosar for ÅDT på fylkesvegen inn og ut av Lyseparken. Seliussen meiner området vert strategisk nyttig som knutepunkt i kollektivtrafikken.

– Løysingar for parkering er aldri lett. Og kvar skal parkeringa vera? Parkeringshus, undergrunnsanlegg, eller slike fancy løysingar der ein parkerer bilen i ein heis, som då susar avgarde med bilen og plasserer den i parkeringskonteinarar. Det er mange løysingar å vurdera, og vi må sjølvsagt sjå på korleis ein kan minimera parkeringsarealet på området.

– Det er viktig at området skal tilretteleggjast med både regional og kommunal kollektivterminal knytt til hovudkrysset ved E39. Frå denne terminalen blir det ringbussar som går internt i Lyseparken, og ringruter til Søfteland, vestover mot Lysefjorden og til Os sentrum. Det skal leggjast tilrett for utstrekt bruk av kollektivnett og «kollegakøyring», med mellom anna innfartsparkering.

– For å jobba og bruka Lyseparken skal ikkje bilen vera dominerande, men heller eit supplement til offentleg kommunikasjon, seier Seliussen.

Ei blokk eller to

Trass i at osingane i stor grad har vore van med å boltra seg i einebustader og rekkjehus fram til no, kan denne æraen stå for fall når Lyseparken vert realisert.

– Det kan nok henda at osingane må tåla ei blokk eller to. Det kan vera at det vert ein mer urban profil på Lyseparken, der einebustadane må vika og folk bur tettare og i høgda. Likevel vil dei ha rikeleg med grøntareal å boltra seg på, meiner Seliussen.

Les òg: Her er Europan-vinnaren

– Grønt blir det i Lyseparken uansett: Det er sett av 220 mål til øyenstikkarane, i tillegg til andre grøntareal og grøne lunger med gangstiar elles i området, smiler Seliussen.

Sjå samanhengar

– I den komande områdeplanen for Lyseparken, som etter planen skal vere ferdig i 2017, vil vi visa eit hovudopplegg for vegføring internt. Det vil omfatta tofelts-sykkelstiar, gang- og sykkelvegar. Opplegg for gang- og sykkelevegar må byggjast ut til alle delar av kommunen. Ringvegar i Lyseparken skal visast og sikra at ein kan tilby kollektivfransport til alle delar av parken.

– Handlingsprogrammet for gang og sykkelvegar er også knytt til kommuneplanarbeidet, der ein må sjå dei overordna samanhengane mellom bustadområde, skular, barnehagar og næringsområder.

Les òg: Realitets-testar Lyseparken

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.