Bjørnafjorden kommune | 29. juni 2022

Lyser ut midlar til prosjekt for god integrering

Frivillige organisasjonar kan søkja.

Bjørnafjorden rådhus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. juni 2022 08:22

Bjørnafjorden kommune har lyst ut ei ny tilskotsordning for å fremja integrering av innvandrarar gjennom tiltak i regi av lag og organisasjonar.

Det ligg 423.943 kroner i potten for 2022.

Organisasjonane kan søkja om heil eller delvis støtte til fleire prosjekt, med minimumsum på 10.000 kroner per prosjekt.

– Det er å håpa at vi kan få om nye gode aktivitetar og tiltak som kan bidra til å nå hovudmålet om å auka arbeids- og samfunnsdeltakinga blant innvandrarar og deira barn, skriv kultursjef Erik Vangsnes.

Søknadsfrist er 1. september.

Det er tenkt at idlane skal delast ut og brukast innan utgangen av 2022.

Tilskota skal gå til ulike tiltak og prosjekt – ikkje dagleg drift.

– Vi har tidlegare hatt fleire gode aktivitetar i kommunen vår. Vi håper desse nye tilskota kan stimulera til kreativitet og engasjement på feltet.

Les meir om ordninga på kommunen si heimeside.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.