Sport | 15. mai 2014

Lysøen rundt for 21. gong

Sundag er det sesongopning på Lysøen. – Tradisjonen tru opnar vi med turmarsjen Lysøen rundt, fortel Berit Høgheim.

Lysøen rundt for 21. gong
Lysøen Rundt blir arrangert sundag. Her frå 2012, då marsjen gjekk i strålande vêr (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 15. mai 2014 12:25

I 1993 blei det første «Lysøen Rundt» arrangert på øyen med Ole Bull sin villa. Direktør, Berit Høgheim, gler seg til å ta i mot turglade i alle aldre, når ho saman med museets veneforening og friidrettsgruppa til Lysefjorden idrettslag, arrangerar turmarsjen sundag førstkommande.

– Vi krysser fingra for fint vêr og gler oss.

– Det er mange frivillige som har lagt ned mange timar med arbeid i førebuingane, fortel Høgheim.

650 i fjor

På jubileumsturen i fjor deltok 650 deltakarar på den rundt fire kilometer lange marsjen.

– Turen passar for alle aldre.

– Løypa startar ved villaen til Ole Bull og går rundt på skjellsandbelagte turvegar på øya.

– Ute i løypa vil deltakarane møta konkurransepostar, med oppgåver som passer for både store og små, smiler Høgheim, som òg lovar premiering til alle som deltek.

– I tillegg til deltakarpin, så trekk vi flotte premiar på startnumra.

– Vi startar klokka 9 og held på til klokka 15.

– Skyssbåten Ole Bull vil gå kontinuerleg i denne perioda, avsluttar Berit Høgheim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.