Kultur | 08. aug. 2017

Lysøen treng hjelp av unge skattejegerar

Laurdag er det skattejakt på Lysøen.

Lysøen treng hjelp av unge skattejegerar
Skattejakt på Lysøen blir i år arrangert for tredje år på rad. (Foto: Lysøens Venner)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 08. aug. 2017 08:25

Nokre sjørøvarar har vore på Lysøen, men blei oppdaga og sprang til skipet sitt og stakk av. Mens dei skunda seg til båten mista dei fleire skattar, og no treng Museet Lysøen hjelp til å finna desse igjen.

– Det var vel omtrent sånn det skjedde ja, seier styreleiar i Lysøens Venner, Bjørn Laastad.

Laurdag er det gratis skattejakt på øya, med is i premie til dei som finn skattane.

– Opplev øya

Lysøens Venner består av frivillige som har engasjert seg for museet som Ole Bulls villa er del av. I tillegg til dugnadsinnsats og andre støttefunksjonar bidrar dei med idear.

Les òg: Pakkeløysing med konsert + vandring blei stor suksess

– Mange som besøker Lysøen nøyer seg med å gå frå båten til villaen, det er omtrent som om dei vegrar seg for å bevega seg ut på nettet av stiar. Den 700 mål store øya er så fin at vi ønskjer at fleire skal bli inviterte til å sjå.

– Her er to vatn, ein 76 moh høg topp med utsiktstårn, badeviker og 13 km med fine, skjelsandbelagte stiar.

Så dukka ideen om skattejakt opp.

Berre båtturen som kostar pengar

Lysøen har kvart år, i samarbeid med idrettslaget, sesongstart med den populære marsjen Lysøen Rundt.

Denne gong er det ei kortare løyp, 2,5 km, og eit opplegg best tilpassa dei under 10 år (med følgje).

– Responsen var god første året og endå betre i fjor. Det var guffent vêr, men likevel 25 familiar, i alt rundt 120 folk som deltok.

Båten går kvar heile time frå klokka 11, men det blir sett opp nokre ekstraturar dei første timane, for å få alle bort til Lysøen.

– Det er løpande start fram til klokka 14, folk kan koma på skattejakt når dei vil.

Retur frå Lysøen er òg ein gong i timen, frå klokka 11.30 fram til og med 16.30.

Påmelding er i kafeen, som er open heile dagen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.