Må møta hos politiet
Karen som er mistenkt for posttjuveria den seinaste tida fekk meldeplikt hos politiet då varetektsfengsling blei vurdert tysdag.
Laurdag blei ein mann tatt, mistenkt for å ha vore med på tjuveri frå fleire postkasser i Os dei siste månadane. Tysdag klokka 14 blei mannen framstilt for varetektsfengling.
– Retten var samd i at det var fare for gjentaking og bevisforspillelse.
– Grunna mannen sin unge alder, han er i byrjinga av 20-åra, og at han ikkje tidlegare er domfelt, fann retten at han skulle idømmast meldeplikt i staden for fengsel.
– Det betyr at han blir underlagt restriksjonar, der han må møta på lensmannskontoret til fastsette tider.
– Bryt han desse vil han bli varetektsfengsla, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.
Ransaka to bustadar
Politiet sin innsats mot narkotikamiljøet i bygda held fram.
– Vi gjennomførte to ranskingar mot to bustadar etter beslutning frå retten i går. Begge stadane dreier det seg om menn i 20-åra, mistenkt for bruk, oppbevaring og sal av narkotika.
– På den første staden fann vi ikkje noko denne gongen. Under den andre ransakinga fann vi mindre mengder narkotika som den mistenkte erkjente å ha erverva.
– Men han nekta for omsetjing, seier politioverbetjenten.
Sikra spor
Politiet har framleis ikkje mistenkte etter innbrotet på Joker Søfteland måndag kveld/natt til tysdag.
– Vi var på staden og sikra spor i går.
– Førebels har vi ikkje nokon mistenkt i saka, men jobbar vidare med den.
Ikkje rus
Natt til onsdag fekk politiet melding om mistanke om rus på ein førar av ei utanlandsk trekkvogn som kom med ferja til Halhjem.
– Patruljen var ute og kontrollerte føraren.
– Han blåste til 0 i promille og fekk heller ikkje utslag på dei andre testane patrulja gjennomførte med han.
Roa seg
Politiet har òg vore ute på bråk på ei adresse.
– Det er eit par vi kjenner frå tidlegare.
– Då vi kom der var ting roleg og det var ikkje grunnlag for å visa nokon vekk frå staden, avsluttar Hadler-Olsen.