Lokal | 04. mars 2009

"Må noen miste livet?"

"Må noen miste livet før Lepsøykrysset endres?" Ei Facebook-gruppe, no med over 1000 medlemmar, set fokus på Lepsøy-krysset. Det gjer også kommunen og vegvesenet.

"Må noen miste livet?"
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. mars 2009 08:35

T-kryss mot E39, ingen kanalisering og busstopp like ved, krysset mellom E39 Halhjemsvegen og Lepsøyvegen er ikkje trygt.

- Krysset har vore dårleg lenge, og trafikken har auka, seier lensmann Rasmus Dalen.

Fleire ulykker den siste tida, seinast fredag, har gjeve mange medlemmar til Facebook-gruppa "Må noen miste livet før Lepsøykrysset endres?".

På synfaring
Det er ikkje berre medlemmene av gruppa som har lagt merke til kor utrygt krysset kan vera. I siste halvdel av mars skal trafikksikringsplan for Os kommune leggast ut for andre gong, i det høvet var ei gruppe frå kommunen og vegvesenet på synfaring for om lag ein månad sidan.

- Vi set opp ei liste med forslag til utbetring. Vurdering og prioritering er det vegvesenet som gjer, seier sivilingeniør i Os kommune, Kirsti Huse.

- Kommunen brukar berre ein halv million kroner årleg på fylkesvegane. I år har vi ein million ekstra, men den går med til områda rundt nokre av skulane.

Seksjonssjef for plan og forvaltning i distrikt Bergen, Sindre Lillebø, fortel at Lepsøy-krysset blir foreslått utbetra i neste vegplanperiode. Perioden går frå 2010 til 2013.

- Eg kjenner ikkje forslaga i detalj, men det kan nok bli aktuelt med kanalisering, altså felt for avkjøring, sier Lillebø.

Huse i Os kommune fortel at flytting av busstopp også er foreslått.

- Det har vore ulykker knytt til busshaldeplassen, der buss retning Halhjem har blinka til høgre, før krysset, som ligg tett på busshaldeplassen. Men busshaldeplassen ligg etter krysset, så då er det lett å misforstå, og tru at bussen skal svinga av.

Har alle faktorar
Tor Høyland hos Statens vegvesen region vest har sendt oss ulykkesstatistikk for Lepsøy-krysset dei siste 10 år.

18.12.99: Påkjøring bakfrå, 3 lettere skadd.

04.04.00: Påkjøring bakfrå av bil som skulle inn mot Lepsøy, 1 lettere skadd.

19.12.03: Bil inn mot Lepsøy kolliderer med bil i retning frå Bergen, 1 lettere skadd.

06.09.04: Møteulykke, 1 lettere skadd.

27.10.06: Bil ut frå Lepsøy kolliderer med bil i retning frå Bergen, 1 lettere skadd .

03.06.08: Påkjøring bakfrå av bil som skulle inn mot Lepsøy, 1 lettere skadd.

Ulykker utan personskade er ikkje med i statistikken. Statistikk frå hausten 2008 og vinteren 2009 har enno ikkje kome med i statistikken.

- Kva skal til for at ein varsellampe blinkar, at eit område blir analysert?

- Det kan vera fleire faktorar, som auke i tal på ulykker, reaksjonar frå personar som bur i området, meldingar frå kommunen eller auka trafikkmengd, seier Høyland.

- Når det gjeld dette krysset ser det ut at alle faktorane er gjeldande, legg han til.

Siste fredagen i mars kjem Nasjonal Transportplan, som gjev rammer som er med på å bestemma om noko blir gjort i krysset mellom E39 og lepsøyvegen dei neste åra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.