Må nytta manuelle rutiner
Montér råka av internasjonalt hackerangrep. – Butikken er ope og du får det du treng, men ting tek litt lengre tid, då vi må gjera alt manuelt, fortel Knut Holm.
Onsdag blei det kjend at eit omfattande hackerangrep som starta i Ukraina og Russland tysdag hadde spreidd seg over heile verda. Aftenposten skreiv tysdag at onsdag at to norske verksemder var råka, mellom anna Optimera som eig byggevarekjeda Montér.
– Det er rett at vi er råka. Viruset kom via Paris og alle våre butikkar, også den i Industrivegen på Os, er berørte, fortel Knut Holm i Montér.
Har tatt ned systema
For å få kontroll på viruset og for å gjera tiltak har kjeda tatt ned alle datasystem.
– Det har vi gjort for å verifisera viruset og iverksette tiltak. Vi er no i den fasen at vi her i ferd med å gjera naudsynte tiltak.
– Dette blir det jobba for fullt med, men vi veit førebels ikkje når vi IT-systema våre er oppe og går med normal drift igjen.
Gjer det på "gamlemåten"
Holm fortel at butikkane er ope som normalt.
– Du som kunde får handla som vanleg hos oss. Butikken i Industrivegen er open. Varer blir levert ut og vi får også nye varer inn.
– Forskjellen er at dei tilsette må nytta seg av manuelle rutinar slik som vi gjorde i gamle dagar. Vanlegvis scannar vi varene når du kjem i kassen, men no må vi registrera dei manuelt. Det tek naturleg nok noko lengre tid enn normalt.
– Vi har kontroll, er opne og kundane får det dei treng, forsikrar Knut Holm.