Kultur | 10. aug. 2016

– Må sjå på programmet

5000 på Marcus og Martinus bergar truleg Osfest. – Teknisk er vi særs nøgd, men det er klart vi må sjå på programmet til neste år, seier leiinga.

– Må sjå på programmet
Vamp opna på hovudscenen fredag og trakk bra med folk, men diverre forsvann mange då dei andre artistane kom på (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 10. aug. 2016 10:10

Osfest opna med eit brak med Heine Totlands Sensational Rock'n'Roll Circus i VIP-teltet torsdag ettermiddag.

– Det blei særs vellykka og ein kjempestart på festivalen. I tillegg var vi jo for ein gongs skuld heldige med vêret, oppsummerer festivalsjef Tor Egil Hylland.

Eksemplariske unge

Like nøgd er Hylland med konserten laurdag formiddag med Marcus og Martinus.

– Det blei jo århundrets barneselskap på Osøyro og eit eventyr. Det er det mest takksame eg har vore med på. Det var ingen trengsel. Publikum, både store og små oppførte seg heilt eksemplarisk.

– Dette var jo det store nye vi hadde i år, og også det mest spennande for oss som arrangører. Men det heile gjekk utruleg bra. Vi hadde òg godt trøkk på sal av mat og drikke, noko eg har forstått andre ikkje har hatt, fortel Hylland.

Virka glissent

Konsertane på hovudscenen både fredag og laurdag trakk mindre folk enn det arrangørane hadde håpa og trudd på.

– Tala er ikkje heilt klare enno, men dei foreløpige anslaga tyder på at det var omlag 2000 innom både fredag og laurdag. Det er klart at med eit så stort område som vi har, med 47 meter frå scenekanten til produksjonsteltet og endå meir plass bak og rundt det, så opplevdes det som glissent.

– Sjølv på Marcus og Martinus-konserten, med 5000 inne på området, hadde vi god plass, og kunne nok, sett i ettertid, seld fleire billettar.

– På ein måte er området litt for stort. Vi må ha veldig mykje folk for at ein skal ha opplevinga av at det er mykje folk der.

Konserten med dei unge idola kompenserer ein god del av det festivalen taper på resten av programmet.

Vil sjå på programmet

Festivalen satsa i år på artistar av særs høg kvalitet med Suzanne Vega, Nik Kershaw, Neil Finn og Mike & The Mechanics som dei store internasjonale namna.

– Vi må nok berre innrømma at det ikkje traff heilt som vi hadde håpa på, sjølv om dette var den einaste konserten tildømes Mike & The Mechanics gjorde i Noreg i år, så var ikkje det nok.

– Det er klart at vi må sjå jobba med programmet for neste år for å treffa betre på det osingane ønskjer seg. Vi har ikkje lyst til å gå på akkord med kvaliteten, men samstundes må vi finna eit meir folkeleg program. Vi kjem så absolutt til å vera lydhøre, både i høve ungdommen og andre sine innspel, seier festivalsjefen.

– Samstundes så skal det passa med artistane sine turnéer og andre oppdrag. Vi fekk vel ikkje riktig alle vi ønska oss i år. Men vi har igjen vist for artistane og managementa deira at vi leverer eit godt opplegg for dei, både teknisk og på det øvrige. Ikkje minst mykje takka alle dei frivillige som stiller opp. Dei gjer ein kjempejobb.

Opplevde lekkasje

Spesielt fredagen opplevde arrangørane utfordringa med å ha festivalen i sentrum, med kort veg til uteplasser og hamna. Etter ei god åpning med Vamp som første band, forsvann mange, før dei kom tilbake til kveldens siste konsert med Odd Nordstoga.

– Det er klart at det å ha festivalen så sentralt som vi har den er ei utfordring. Det blir veldig lett for folk å forlate festivalområdet for å festa vidare på ein av utestadene eller i båten i hamna, for så å komma tilbake seinare. Det gjer oss sårbare.

– Tilsvarande utfordring har ein til dømes ikkje på Tysnes, kor det er 25 minutt å gå frå konsertområdet og ned til Våge, påpeikar Hylland, som håper ein kan få eit enno tettare samarbeid med det øvrige næringslivet i sentrum før kommande arrangement.

Les alt og sjå videoar frå festivalen på Midtsiden si samleside for Osfest.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.