Lokal | 30. nov. 2016

Må unngå det som skjedde med Osøyro

Lesarinnlegg: Nærsenter – korleis få til ei planmessig utvikling av heile Os kommune?

Må unngå det som skjedde med Osøyro
Kommunen må tidleg ta ei aktiv rolle i korleis nærsenter som Øyane (bildet) og Søfteland skal takla folkeveksta som er venta, meiner Os Venstre. (Ill. foto/akriv: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 30. nov. 2016 20:52

Det er ikkje slik enkelte ansvarlege politikkarar i kommunen hevdar - næringslivet veit best sjølv og markedet aleine vil styra utviklinga i rett retning.

Kommuneplanens samfunnsdel 2015-2027 som vart godkjent av kommunestyret 29.9.2015 gjev overordna føringar for korleis utviklinga i kommunen skal skje i denne perioden. Mellom anna er den rettesnora for arealplanen som skal rullerast i 2017.

Kommuneplanen skal setje mål for Os si fysiske, sosiale og kulturelle utvikling. Som eit bakteppe for, og førande for desse måla, er folkevekst, etikk og samfunnsansvar, berekraftig utvikling og folkehelse lagt til grunn.

Planen skildrar utfordringar og målsetnadar innan alle område som er viktig for at Os skal bli en god stad å bu for nye og gamle osingar. Utvikling av tettstaden Osøyro (Liv på Øyro) har fått eit eige avsnitt i planen med konkrete mål for kva ein vil oppnå.

Dette er bra, men i planen er det også peikt på kva som er og skal vera «nærsenter» i kommunen, utan at det er sagt noko meir om korleis ein ser for seg at desse nærsentra skal utviklast.

I planen er eit nærsenter skildra som: «Mindre senter med detaljhandel som daglegvarer, post, private og offentlege helse og velvære tjenester etc. dimensjonert for nærmiljøet»

Søre Øyane, Søre Neset, Nore Neset, Lysekloster og Søfteland er ifølgje planen dei noverande nærsentera. Med den store folkeveksten det vert lagt opp til, seier det seg sjølv at alle desse bygdene vil oppleva store endringar dei komande åra.

Os Venstre meinar at det er viktig å vera i forkant av utviklinga.

Det må setjast opp målsetnadar og lagast konkrete planar for korleis nærsentera skal kunna utvikla seg. Ein må unngå det som skjedde på Osøyro. Kommunen må tidleg ta ei aktiv rolle i å leggja føringar og leggja til rette. Utviklinga må skje i eit samarbeid mellom kommune, frivillige organisasjonar, næringsliv og lokalbefolkninga. Det er ikkje slik enkelte ansvarlege politikarar i kommunen hevdar - næringslivet veit best sjølv og markedet aleine vil styra utviklinga i rett retning.

Os Venstre vil i samband med budsjetthandsaminga fremja forslag om utarbeiding av ein plan for utvikling av nærsentera i kommunen og setja av midlar til dette arbeidet.

Sveinung Stensletten
Leiar i Os Venstre

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.