Prosjektleiar Trygve Slåke frå Veidekke ved det som skal bli tunellinnslag ved Svegatjørn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Må venta med tunelldrivinga

Ròte fjell og frost har skapt forseinkingar ved Svegatjørn.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

For to veker sidan kom dei i gang med første tunelldriving på E39 Svegatjørn-Rådal, eller rettare sagt, første salve på anleggstunellen frå Hamre inn til sjølve E39-aksen.

Dette er eit tverrslag på rundt 250 meter inn til det som skal bli Lyshorntunnelen, frå tverrslaget skal tunellen drivast både sør mot Endelausmarka i Os og nord til Rådal ved Lagunen, skriv vegvesen.no.

I månadsskiftet januar-februar skulle tunelldrivinga frå Svegatjørn til Endelausmarka starta. Dette er utsett i minst to veker.

– Treng meir sikringsarbeid

Årsaka til utsetjinga er at Skogafjellet ved Svegatjørn har svakare stein enn venta.

– Dette førte til større behov for fjellskring. Arbeidet med fjellsikring tok dessutan lengre tid enn venta då det kom frost, fortel Trygve Slåke, prosjektleiar frå Veidekke AS.

Sikringsarbeidet går no for fullt. Samtidig skal bakkenivået seinkast noko før sjølve boreriggen kjem til Svegatjørn.

– Det er ei stor maskin, 15-20 meter lang. Det skal bli spennande å byrja å ta seg innover i fjellet.

Har lite å seia for totalprosjektet

Både stenginga av Ulvenvegen og no, drivinga av tunellen, har blitt utsett med nokre veker.

– Samla sett trur eg ikkje det vil få noko å seia for totalprosjektet.

– Er eit róte fjell lettare å bora i, at dei to vekene kan hentast inn igjen?

– Nei, det er nok motsett, med dårleg fjell treng vi meir sikringsarbeid mens vi driv tunellen, noko som tar tid.

– Vi ønskjer å treffa meir solid stein når vi går inn i fjellet, seier Slåke.

Sjå òg: Video frå omvising i Endelausmarka i førre veke

Sjå òg, Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn - Rådal

 

Fleire saker