Lokal | 30. mars 2017

Må venta på arealplanen

Omreguleringa av Bjørnefjorden Gjestetun må venta på rulleringa av kommunen sin overordna arealplan.

Må venta på arealplanen
Bjørn-Atle Drange frå plankonsulentane i ABO presenterte planane før møtet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 30. mars 2017 15:36

Eit fleirtal i plan- og bygingsutvalet beståande av Terje Sperrevik (TVS), Tryggve Lillestøl (KrF), Trine Lindborg (AP), Harald Døsen (Ap), May Brit Haringstad Mjøs (H), Kristin Søfteland-Larsson (H) og Ove Frotvedt (Frp), støtta torsdag administrasjonen si innstilling om ikkje å tilrå oppstart av arbeid med omregulering av tomta som ByBo AS har kjøpt frå Bjørnefjorden Gjestetun.

«Plan- og bygningsutvalet (som ansvarleg planmynde) kan ikkje tilrå at det vert varsla oppstart av arbeid med regulering for Bjørnefjorden Panorama gnr./bnr. 63/455 og 464, i samsvar med søknad datert 08.03.17. Søknad er ikkje i samsvar med gjeldande arealplan og ligg i eit området som må vurderast i ein større samanheng i samband med rullering av arealplanen.»

Har tid til å venta

I innleiinga av møtet presenterte Bjørn-Atle Drange frå ABO, som er plankonsulent for ByBo AS, dei nye planane.

– Det er ein ny situasjon no, kor ein vil omregulera frå gardsturisme og hotell til bustader. Drange snakte om stiar ut mot ytterområdet av planen for å binda det heile saman mot resten av området. Det meiner eg er eit godt argument for å venta, eller å laga ein større reguleringsplan for heile området. Uansett må det heile sjåast i samanheng.

– Vi har ein ny arealplan på gang. Det er LNF-området i den gjeldande. Eg ser ikkje på om det i framtida blir bustadområde eller ikkje, det kan godt vera at det blir. Drange har ein fin presentasjon og det blir sikkert veldig bra, men eg synes vi skal ta oss tid til å venta til arealplanen er på plass, argumenterte Harald Døsen, som fekk støtte også frå politiske motstandarar.

– Eg kan forsåvidt støtta ein god del av argumentasjonen Døsen brukar. Gjestetunet blei opprinneleg bygd som ein del av landbruk +. Det er ein prosess og vi får ein ny prosess gjennom rulleringa av arealplanen, så får vi sjå korleis innstillinga blir i den, kommenterte Ove Frotveit.

Meinte skule aust om elva er eit argument for

Espen Aspenes (Frp) som saman med Gustav Bahus (Frp) utgjorde mindretalet som ville gå for det alternative framlegget med godkjenning av oppstart, men med ei ny konsekvensutgreiing, meinte at plassering av den nye skulen aust om elva var eit argument for å seie ja.

– Det kan sikkert vera fornuftig å vente, men det kan òg vera fornuftig å starta. Vi har gått inn for Solstrandsprosjektet lengre nede langs Hatvikvegen og det kjem ei skule aust om elva. Når vi har sagt at det skal komma skule på Hjelle, så har vi indirekte sagt at her kjem det også eindel folk. Då seier vi også indirekte at her skal det byggast ut eindel areal. Vi såg det same då vi bygde skulen på Nore Neset og fekk utbygging på Skeie og Skorvane. Vi skal vera veldig nøye med kva argument vi nyttar, ellers må vi seie nei også i andre samanhengar, mente Aspenes.

– Meiner du då at vi må venta utbygging på grunn av skulen. Skulen er det jo behov for allereie i dag. Den kjem jo for seint i høve utbygginga som har vore på Hjelle. Er det ikkje då desto viktigare å venta på planarbeidet og arealplanen, undra Trine Lindborg.

– Ei skule er vel ikkje eit godt argument for å ikkje venta på ein større reguleringsplan eller arealplanen. Den dagen vi får den diskusjonen, så kan det godt hende dette blir eit godt bustadområde, supplerte partikollega Harald Døsen.

– Eg er ikkje så oppteken av kor bustadområdet kjem, men det er eit faktum at det blir press i området når den nye skulen kjem. Den er planlagt som ein to-paralleller, men kan lett utvidast til tre. Mitt hovudpoeng er spørsmålet om kor mykje betre disse planen blir av å venta på arealplanen, svara Aspenes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.