Sport | 11. feb. 2019

Må vinna minst 3 av sesongens siste 7 kampar

Os er ferdig med nesten alle dei beste laga, men har kniven på strupen om dei skal berga plassen i 2. divisjon.

Må vinna minst 3 av sesongens siste 7 kampar
Nora Berge skåra 21 mål på to bortekampar i helga, men Os tapte begge kampane. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. feb. 2019 13:40

I helga spelte damelaget til Os bortekamp mot Oppsal 2 og Rælingen 2, som ligg på 5. og 7. plass på tabellen.

Os ligg framleis på 12. plass av 12 lag på tabellen med 2 poeng etter 15 kampar.

Resultat:
Oppsal 2 - Os 37-26 (17-10)
Rælingen 2 - Os 30-24 (21-9)

– Mot Oppsal 2 klarte vi å jobba oss opp til tre mål bak, men vi klarte ikkje å halda den positive trenden kampen ut. Mot Rælingen 2 vann vi 2. omgang med seks mål, men med ein svært svak start på kampen blei det for mykje å henta inn igjen, seier Os-trenar Gitte Torp.

Nora Berge held fram med å visa gode takter, og skåra 9 mål mot Oppsal og 12 mot Rælingen.

– Rælingen prøvde seg med å legga frimerke på Nora, men det takla vi veldig bra. Line Hjelle Berentsen gjorde ein strålande jobb med å dra på seg press, nok til at Nora kom seg fri og fekk skote likevel.

Tøff konkurranse

Os var gjennom eit generasjonsskifte og mista 7 sentrale spelarar før sesongstart.

I tillegg fekk spelarane vera med og bestemma treningsmengd, som landa på tre økter i veka.

– Tre økter i veka har vore normalen på Os dei siste åra. Fleire av dei andre laga trener 5-6 gongar i veka. I tillegg er nokre av spelarane på toppidrettsgymnas, då blir det forskjell på laga.

Treng minst 5 poeng til

I tillegg til Os sine to tap klarte Stord, som er nest sist på tabellen, å dobla frå 2 til 4 poeng med skåring i sluttsekunda borte mot Nordstrand.

Det er likevel håp for at Os bergar plassen.

– Med unntak av serieleiar Fyllingen og Åsane (3. plass) er vi ferdige med motstandarene frå øvre halvdel av tabellen, seier Torp.

10. plass og ny kontrakt i 2. divisjon er berre 5 poeng unna, med Årstad sin éin kamp meir spelt.

Os sine siste 7 kampar for sesongen:
17. februar: Os - Runar
21. februar: Årstad - Os
10. mars: Os - Fyllingen
16. mars: Os - NIT/HAK
30. mars: Os - Nordstrand
3. april: Stord - Os
14. april: Os - Åsane

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.