Kultur | 01. feb. 2017

Madcon til Osfest

Os blir einaste staden i Hordaland kor Madcon spelar i sommar. Fredag 11. august kjem dei til Osfest.

Madcon til Osfest
Madcon avsluttar Osfest-fredagen (foto: Olav Stubberud)
Andris Hamreonsdag 01. feb. 2017 08:00

I førre veke presenterte Osfest Julie Bergan og Unge Ferrari som dei to første artistane på Osfest. Også dei to speler fredagen på Osfest.

– Eg er glad for no å kunne fortelja at Tshawe Baquwa og Yosef Wolde-Mariam i Madcon toppar det heile som avslutning på Osfest-fredagen, seier festivalsjef Tor Egil Hylland.

Eksklusivt for Osfest

Hylland fortel at dei har fått ei eksklusivitetsavtale med den populære rap-duoen.

– Det tyder at Osfest er den einaste staden i Hordaland gutane skal spela i sommar. Vil du sjå og høyre det forrykande liveshowet og få med deg den sterke hit-paraden til Madcon, så må du rett og slett komma til Os. Gutane har lova oss eit show vi seint skal gløyma. Vi har framleis eit begrensa tal «early bird» festivalpass og dagspass att, så det er berre å vera om seg, seier Hylland.

Fleire nye låtar

Madcon blei kjend tidleg på 2000-talet då dei debuterte med spelemannsprisvinnande «It's All a Madcon», men det store gjennombrotet kom i 2007 med singelen «Beggin» ein gamal Frankie Valli-klassikar i ny drakt som selde til seks ganger platina.

Internasjonalt kom vel det store gjennombrotet då Madcon heldt eit forrykande show under Melodi Grand Prix-finalen i Telenor Arena med låta «Glow», som gjekk som ein farsott og toppa hitlistene i Noreg og over heile Europa.

– Madcon har ikkje lagt på latsida etter det og har nettopp slept låta «Don't stop loving me», seier Hylland.

– Har de freista å få gutane til Os tidlegare?

– Nei, det har vi ikkje gjort. Men vi har ein god dialog med managementet deira, så då datoen passa i kalenderen deira, var det ikkje vanskeleg å komma fram til ei avtale. Dette er i mine auge noko av det største vi har henta hit, i allefall om ein skal døma ut frå populariteten og følgjarar i sosiale medier, avsluttar Hylland.

Osfest sin sterke line-up fredagen ser så langt ut som dette:

  • Unge Ferrari
  • Julie Bergan
  • Madcon

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.